|
Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om å heve kravet til ankesum for ankar til lagmannsretten frå kr 20.000 til kr 50.000. Etter gjeldande rett kan ein ikkje fremje anke til lagmannsretten utan samtykke frå retten når anken gjeld ein formuesverdi under kr 20.000. For Høgsterett er det eit tilsvarande krav om ankesum på minimum kr 100.000. Reglane om ankesum gjeld ikkje når tvisten handlar om såkalla ikkje-økonomiske eller ideelle interesser.
I høyringsbrevet frå mai 2002 bad departementet om synspunkt frå høyringsinstansane på om ein bør heve ankesummen til kr 100.000 for ankar til lagmannsretten og kr 250.000 for ankar til Høgsterett.
Eit fleirtal blant høyringsinstansane er positive til å heve ankesummen for anke til lagmannsretten, sjølv om somme av dei meiner ein bør vente til den samla oppfølginga av utgreiinga om ny tvistelov. Når det gjeld kor mykje ein bør heve ankesummen, er høyringsinstansane ikkje samde. Når det gjeld heving av ankesummen for anke til Høgsterett, påpeiker fleire av høyringsinstansane at det ikkje er nødvendig å endre beløpsgrensa.
Omsynet både til proporsjonalitet, til å redusere arbeidsbyrda til lagmannsrettane og til prisauken taler etter departementet si vurdering for at ein bør heve ankesummen. Etter departementet si oppfatning er det formålstenleg å heve beløpsgrensa no, før behandlinga av dei andre framlegga i utgreiinga om ny tvistelov. Når det gjeld spørsmålet om kor mykje ein bør heve ankesummen, har høringa vist at om lag halvparten av høyringsinstansane meiner det er for drastisk å endre ankesummen for anke til lagmannsretten frå kr 20.000 til kr 100.000. Fleire høyringsinstansar gjer framlegg om at grensa skal vere kr 50.000. Departementet ser argumenta mot å femdoble ankesumgrensa. Departementet foreslår derfor at ein hevar beløpsgrensa til kr 50.000 i første omgong. Departementet vil vurdere på ny om ein bør knyte ankesummen til grunnbeløpet i folketrygda når ein får ei heilt ny tvistelov.
Når det gjeld ankesummen for anke til Høgsterett, sluttar departementet seg til dei synspunkta som fleire av høyringsinstansane, mellom anna Høgsterett, sjølv kom med i høyringa. Etter departementet si oppfatning er det ikkje nødvendig å heve beløpsgrensa for anke til Høgsterett.