|
Justisdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til endring av lov 27. februar 1930 nr. 3 om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandslova). Føremålet er å innføre på nytt ein heimel for å gi forskrifter om miljøvern i dei norske bilanda.
Det har tidlegare vore heimel for å gi slike forskrifter i bilandslova § 2 andre ledd som seier at forskriftsheimelen i svalbardlova § 4 skal gjelde tilsvarande. Heimelen har vore brukt til å gi forskrift 17. desember 1971 nr. 9 som fredar Bouvet-øya og territorialfarvatna rundt som naturreservat. Heimelen for å gi forskrifter om miljøvern fall bort då svalbardlova § 4 vart endra i samband med vedtaking av lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard. Formuleringa « fredning av dyr, planter, naturformasjoner, landstrekninger og fortidslevninger » vart da teken ut. Ein ny heimel for miljøforskrifter på Svalbard vart gitt i svalbardmiljølova. Det er ikkje noko som tyder på at ein ved endringa meinte å fjerne heimelen for å gi forskrifter om miljøvern i bilanda. Om bakgrunnen for endringa heiter det i Ot.prp.nr.38 (2000-2001) s. 167 at « forskrifter innenfor svalbardmiljølovens område heretter bør gis med hjemmel i svalbardmiljøloven, og det bør ikke kunne oppstå uklarhet om en forskrift med hjemmel i svalbardloven kan avvike fra svalbardmiljøloven. Av den grunn foreslås det at hjemmelen for miljøvernforskrifter i svalbardloven oppheves ».
I lov 27. februar 1930 nr. 2 om Jan Mayen har ein òg ei formulering om at svalbardlova 4 gjeld tilsvarande, jf 2 andre ledd. I denne lova vart det i samband med vedtakinga av svalbardmiljølova gitt eit nytt tredje ledd i § 2 der det heiter at « Kongen kan gi forskrifter om miljøvern på Jan Mayen », jf svalbardmiljølova § 103. Ved ein feil vart det ikkje samstundes gjort ei tilsvarande endring i bilandslova. Det er ei slik endring det no vert gjort framlegg om.
Sanksjonsføresegna som tidlegare òg hadde heimel i bilandslova § 2, jf svalbardlova § 4 andre ledd, foreslår Regjeringa å innføre på nytt ved å la svalbardlova § 4 andre ledd gjelde tilsvarande for forskrifter gitt i medhald av heimelen ein her gjer framlegg om.