Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.62 (2003-2004)
Innstilling fra justiskomiteen om lov om endring i straffelova (avgrensa rett til offentleg framsyning av grove valdsskildringar utanfor næring)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om ei endring av straffelova § 382, slik at « film, videogram eller lignende der det i underholdningsøyemed er gjort utilbørlig bruk av grove voldsskildringer », likevel lovleg kan synast fram offentleg på annan måte enn i fjernsynssending, såframt framsyninga ikkje skjer i næring. Bakgrunnen for lovforslaget er eit oppmodingsvedtak frå Stortinget.

       Departementet sende 29. januar 2001 eit framlegg til endring i straffelova § 382 på høyring. Eit fleirtal av instansane som har uttalt seg i saka, stør hovudpunkta i lovframlegget.

       Framlegget inneber at informasjonsfridomen for personar over 18 år vert utvida. Føremålet med framlegget er å sikre at det er mogleg å føre ein fri debatt rundt bruken av valdsskildringar i film. Etter framlegget vil unntaket gje høve til offentleg framsyning av film og videogram når fire kumulative vilkår er oppfylte:

1.Framsyninga må ikkje skje i næring.
2.Personar under 18 år må ikkje vere til stades under framsyninga.
3.Framsyninga kan berre finne stad i lokalar der den ansvarlege kan kontrollere at ingen under 18 år er til stades.
4.Det må før framsyning vere sendt melding til politiet i det aktuelle distriktet med opplysningar om kva for lokale som skal brukast, tidspunktet for framsyninga og namn på den personen - eller dei personane - over 18 år som er ansvarleg for framsyninga.

       Dersom disse fire vilkåra er oppfylte, vil det etter framlegget ikkje vere grenser for kva slags valdsskildringar som kan synast fram offentleg. Dette er i samsvar med det som allereie gjeld med omsyn til privat filmframsyning.

       Departementet gjer framlegg om at unntaket skal omfatte alle ikkje-kommersielle offentlege framsyningar, medrekna framsyningar som ledd i undervisning, på politiske debattmøte, i filmklubbar med ideelle formål mv.

       Lovframlegget gjeld berre film og videogram. Dette inneber at forbodet vert ståande t.d. med omsyn til offentleg framsyning av dataspel der ein med sikte på underhaldning har gått for langt når det gjeld bruk av valdsskildringar. Departementet gjer framlegg om at unntaket skal gjelde valdsfilmar generelt og ikkje berre filmar som Statens filmtilsyn har nekta å godkjenne for offentleg framsyning.

       Framlegget inneber ei avkriminalisering og vil ikkje få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet legg til grunn at politiets kontroll med slike framsyningar kan skje innafor gjeldande budsjettramme.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon