|
Då Stortinget handsama Innst.S.nr.222 (2002-2003), jf St.meld. nr. 17 (2002-2003), Om statlige tilsyn, vart det vedteke å slå saman Eigarskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvaltning til eitt nytt tilsyn - Medietilsynet. Medietilsynet skal lokaliserast i Fredrikstad. Målet er at Medietilsynet skal vere operativt frå og med 1. januar 2005. I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om naudsynte lovendringar slik at Medietilsynet blir rett forvaltningsorgan i lovverket.
Dei tre institusjonane er nemnde i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram, lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting, lov av 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting og i § 204 og § 382 i Almindelig borgerlig Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10.