|
Helsedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til lov om endringar i spesialisthelsetenestelova § 2-1a på grunn av feil som skjedde ved behandlinga av rusreform II.
Føresegnene i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd nr. 5 og nr. 6 om ansvaret til dei regionale helseføretaka for å sørgje for sjuketransport og transport av behandlingspersonell blei ved ein feil oppheva ved handsaminga av Innst.O.nr.4 (2003-2004), då det blei vedteke eit nytt punkt nr. 5 i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd om ansvaret til dei regionale helseføretaka for å sørgje for tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk.
Departementet viser til at Stortinget openbart har meint at endringane i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd om dei regionale helseføretaka sitt ansvar for å sørgje for sjuketransport og transport av behandlingspersonell skal gjelde. Departementet fremmer no derfor lovendringsforslaget på nytt slik at det kan vedtakast på formelt riktig måte.
Ettersom lovforslaget i proposisjonen berre inneber retting av feil i samband med lovvedtaket av rusreform II, fører forslaget ikkje til økonomiske eller administrative konsekvensar utover dei konsekvensane som det er gjort greie for i Ot.prp.nr.66 (2002-2003).