|
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen komme tilbake med forslag der videregående opplæring i friskoleloven defineres på samme måte som i opplæringsloven.
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) gjøres følgende endringer:
Forslag 2
§ 2-1 andre ledd skal lyde:
Vertskommunen kan gi fråsegn før
departementet gjer vedtak i saka.
§ 2-2 andre ledd skal lyde:
Vertsfylket kan gi fråsegn før
departementet gjer vedtak i saka.
Forslag 3
§ 2-2 tredje ledd skal lyde:
Retten til godkjenning, jf første og
andre ledd, gjeld også norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet,
internasjonale frittståande vidaregåande skolar i Noreg og frittståande
vidaregåande skolar oppretta for funksjonshemma. Skolar oppretta for vaksne
kan etter søknad godkjennast særskilt etter ei samla vurdering. Før ein
internasjonal frittstående vidaregåande skole, ein vidaregåande skole for
funksjonshemma eller skolar for vaksne blir godkjend, kan vertsfylket gi
fråsagn i saka.
§ 2-2 nytt femte ledd skal lyde:
Eksisterande skolar godkjende og
drevne for vaksne både med og utan rett kan oppretthaldast med tilskot ut
fra den godkjenninga dei har.
Nåværende femte, sjette og syvende ledd blir sjette, syvende og nytt
åttende ledd.
§ 3-1 andre ledd skal lyde:
Ved inntak til frittståande
vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter
opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til
vidaregåande opplæring etter opplæringslovas § 4-3. Vaksne utan rett til
opplæring etter opplæringslova kan takast inn, men prioriterast etter vaksne
med rett til vidaregåande opplæring. Skolar for funksjonshemma og skolar
godkjende for vaksne kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett. Den
frittståande skolen skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før
han eller ho kan takast inn som elev. Den frittståande skolen skal også
kunne delta i yrkesprøvingsarbeidet innafor dei studieretningane som skolen
er godkjend for. Norske frittståande vidaregåande skolar i utlandet kan
ikkje ta inn vaksne.
Forslag 4
§ 3-3 fjerde ledd skal lyde:
Opplæringsloven § 3-1 fjerde ledd om
omval gjeld tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende
etter denne lova.
Forslag 5
§ 5-1 første ledd nytt andre og tredje punktum skal lyde:
Styret er valt av eigaren, som fastset
kor mange medlemmer og varamedlemmer styret skal ha. Med samtykke frå
departementet kan to eller fleire skolar har sams styre.
Nåværende andre punktum blir nytt fjerde punktum.
Forslag 6
§ 6-2 tredje ledd nytt femte punktum skal lyde:
Det same gjeld for skolar som har eit
anerkjent fagleg-pedagogisk alternativ med dokumenterte meirkostnader ut frå
dette.
Nåværende femte punktum blir nytt sjette punktum.
Forslag 7
I § 6-1 endres samtlige tilskuddssatser til frittstående grunnskoler fra 85
% til 100 %.
§ 6-3 andre ledd nr. 1 første punktum skal lyde:
For vidaregåande skolar som er
godkjende etter § 2-2, blir 100 % av dei utgiftene som kjem inn under
tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot.
§ 6A-8 første ledd første punktum skal lyde:
For skolar godkjende etter § 6A-1 blir
100 % av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte
ved statstilskot.
Forslag 8
§ 6A-3 nytt første og andre ledd skal lyde:
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for dei som fyller vilkåra for inntak. Desse vilkåra skal framgå av inntaksreglementet til skolen. Andre vilkår for inntak enn dei som gjeld i offentlege vidaregåande skolar, kan setjast for å sikre at elevane kan gjere seg nytte av den yrkesretta opplæringa skolen gir.
Skolane kan også ta inn vaksne
søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
§ 6A-3 tredje ledd første punktum skal lyde:
Skolane skal ha eit inntaksreglement
som viser vilkåra for inntak og prioriteringa av søkjarane, dersom søkinga
er større enn kapasiteten til skolen.
Forslag 9
Stortinget ber Regjeringen utvide tilskuddsgrunnlaget til frittstående skoler til også å omfatte kapitalutgifter fra og med skoleåret 2005/2006.