|
Arbeids- og sosialdepartementet gjer i Del I i proposisjonen framlegg til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) og i ei rekkje andre lover.
Forslaga gjeld:
| - | Auka grunnpensjon for gifte og sambuande pensjonistar |
| - | Innføring av eit delansvar for arbeidsgivaren i perioden med sjukepengar frå folketrygda, samtidig som arbeidsgivarperioden vert redusert |
| - | Skjerpa krav til tenleg attføring og til dokumentasjon av funksjonsevna |
| - | Omgrepet «foreløpig uførestønad» vert endra til «foreløpig uførepensjon». |
| - | Einslege forsørgjarar som tek utdanning eller arbeider i heimen, skal kunne få stønad til barnetilsyn. |