Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.44 (2004-2005)
Innstilling fra justiskomiteen om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS. Lova skal gjennomføre rådsforordning (EF) nr. 2679/98 av 7. desember 1998 om verkeområdet til den indre marknaden med omsyn til det frie varebyttet mellom EØS-statane (handhevingsforordninga) i norsk rett. Målsetjinga med forordninga er å sikre at det ikkje oppstår alvorlege faktiske hindringar for det frie varebyttet, til dømes i form av private blokadar og øydeleggingar. Etter forordninga skal statane gripe inn med naudsynte tiltak for å fjerne alvorlege hindringar mot det frie varebyttet som fører til monaleg skade for den som vert råka av hindringa. Forordninga inneheld òg reglar om utveksling av informasjon mellom EØS-statane.

       EØS-komiteen vedtok 8. juni 2004 å innlemme handhevingsforordninga i EØS-avtalen vedlegg II (tekniske føresegner, standardar, prøving og sertifisering), jf EØS-komiteens vedtak nr. 71/2004. I det same vedtaket vart resolusjon nr. 1212 av 7. desember 1998 innlemma i det nemnde vedlegget til EØS-avtalen. Norske styresmakter skal ta omsyn til resolusjonen ved praktiseringa av forordninga, men resolusjonen skal ikkje gjennomførast i norsk intern rett.

       Departementet er innforstått med at EØS-avtalen og EØS-lova allereie inneber ei viss plikt til fjerning av hindringar for det frie varebyttet. Etter departementet sitt syn kan det ikkje utelukkast at forordninga går lenger enn gjeldande rett når det gjeld den plikta styresmaktane har til å fjerne hindringar. Innhaldet i forordninga medfører at gjennomføringa bør gjerast ved lov.

       Departementet peiker på at det ved handhevinga av lova kan vere naudsynt med samvirke mellom fleire offentlege etatar, sjølv om tiltak i første rekkje vil bli gjennomført av politiet. Departementet peiker i denne samanheng på at det er opp til norske styresmakter å avgjere om det skal gripast inn. Kva for tiltak som skal nyttast, er det òg opp til norske styresmakter å ta stilling til. Departementet er samd med Politidirektoratet i at lovframlegget ikkje gjer det naudsynt med endringar i politilova.

       Departementet viser til at forordninga ikkje grip inn i retten til å streike etter gjeldande nasjonal rett.

       Det er gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane i St.prp. nr. 5 (2004-2005) punkt 5. Departementet viser til handsaminga der.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon