Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.46 (2004-2005)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om lov om endringar i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner og lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Kultur- og kyrkjedepartementet gjer i proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner (Kulturminnelova). Forslaget er eit ledd i oppfølginga av norsk ratifikasjon av UNESCO-konvensjonen av 1970 om tiltak for å forby og hindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar (UNESCO-konvensjonen).

       Det formelle ansvaret for å følgje opp UNESCO-konvensjonen vart i 2002 overført til Kultur- og kyrkjedepartementet frå Miljøverndepartementet. Konvensjonen fastset reglar som vernar om den fysiske kulturarven ved tiltak mot den illegale handelen med kulturgjenstandar. Statane som er part i konvensjonen forpliktar seg til å forby eksport og import av særskilde kulturgjenstandar, regulere tilbakesøking og retur av slike kulturgjenstandar, opprette nasjonale faginstitusjonar på området, delta i internasjonale tiltak for vern av kulturarv som er i fare som følgje av plyndring, og avgrense ulovleg handel ved registrering av kulturgjenstandar i handelsverksemd. I hovudsak knytte ansvaret for medlemsstatane seg til tre kategoriar: Registrering og kontroll, forbod mot eksport og import og krav om tilbakeføring.

       Kulturminnelova har reglar som til dels omhandlar dei same spørsmåla som konvensjonen, men dei aktuelle reglane i kulturminnelova er avgrensa til å gjelde innanfor verkeområdet til EØS-avtalen og for land som har ratifisert Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stjålne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar.

       Departementet foreslår i proposisjonen endringar i gjeldande reglar om tilbakelevering av kulturgjenstandar i kulturminnelova §§ 23a til 23f. Det foreslås å etablere eit generelt forbod mot import av kulturgjenstandar som er ulovleg utførte frå statar som er part i særskilde avtaler om tilbakelevering av kulturgjenstandar og tiltak mot illegal import, eksport og handel med kulturgjenstandar der Noreg også er part. Forslaget inneber også ei endring i heimeltilvisinga i § 23c om rettargangsreglar og § 28 om rette offentlege organ etter lova. Det skal givast ein heimel til å fastsetje utfyllande forskrifter om forbod mot utførsel, importforbod, prosedyrar for tilbakelevering og kva som skal reknast som kulturgjenstandar. Sidan konvensjonen skal gjerast gjeldande for Svalbard og Jan Mayen og dei norske bilanda, føreset det endringar i lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (svalbardmiljølova) § 46 fjerde ledd. Det føreset òg endringar i forskrift av 21. juni 1974 nr. 8792 om fredning av kulturminner på Jan Mayen, i forskrift av 5. mai 1995 nr. 408 om vern av miljøet i Antarktis og i relevant forskrift for Bouvetøya. Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for endringane i forskriftane.

       Departementet viser elles til at dei fleste høyringsinstansane som har gitt uttale til lovframlegget, har slutta seg til hovudinnhaldet i høyringsnotatet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon