|
Moderniseringsdepartementet legg fram forslag om oppheving av lov 19. juni 1970 nr. 55 om prisutjevning i sildenæringen. Etter lova § 1 kan Kongen bestemme at det skal vere prisutjamning for sildolje og sildemjøl etter reglane i denne lova, så lenge Sildemelfabrikkenes landsforening (no FHL fiskemel) og Norges Sildesalgslag (organisasjonane) tilrår det.
I november 2000 trekte Norges Sildesalgslag tilbake si tilråding om prisutjamning i sildenæringa over Prisreguleringsfondet for sild. I praksis hadde dette til følgje at prisutjamninga over fondet vart avskipa.