Innst.O.nr.61 (2004-2005)
Innstilling fra næringskomiteen om lov om skogbruk (skogbrukslova)
2. Arbeid med lovforslaget
2.1 Utgangspunkt for lovforslaget
I
St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø - muligheter i
skogsektoren, foreslo regjeringa at det skulle utarbeidast ei ny lov om
skogbruk til erstatning for gjeldande skogbrukslov. Ein peika på at
innhaldet og språket i gjeldande skogbrukslov er forelda, og at nyare
prinsipp for saksbehandling og forvaltning burde innarbeidast. I den nye
lova ville ein innarbeide klarare føresegner om berekraftig skogbruk bygd på
langsiktig ressursforvaltning. Ein ville leggje vekt på skogeigaren sin
rett til å nytte skogen etter eigne vurderingar innafor rammene i lova.
Næringskomiteen slutta seg i
Innst.S.nr.208
(1998-1999) til dette.
2.2 Høyringsnotatet
I desember 2003 sende departementet ut
eit høyringsnotat der ein gjorde greie for lovforslaget. Departementet
foreslo at det blir utarbeidd ei ny lov til erstatning for gjeldande lov om
skogbruk og skogvern. På same måte som i gjeldande lov skal den nye lova
| - | regulere
skogbruk som næring, |
| - | stimulere
til verdiskaping med grunnlag i skogressursane innan dei rammene miljøomsyna
tilseier, |
| - | avgrensast
i høve til naturvernlovgjevinga, |
| - | lovfeste
organiseringa på kommune- og fylkesnivå, |
| - | omfatte
tvingande reglar om å setje av deler av inntekta til langsiktige investeringar.
|
Nytt i høyringsutkastet var det at
lova mellom anna gir
| - | ein
vidare heimel for meldeplikt for tiltak, |
| - | ei
presisering av skogeigaren sitt forvaltaransvar, |
| - | ei
føresegn om forynging etter hogst og heimel for forskrift om forynging, |
| - | heimel
for forskrift om miljøomsyn, |
| - | heimel
for å stille krav til skogeigaren sin internkontroll, og for at styresmaktene
kan krevje tilgang til og rapportar frå desse, |
| - | heimel
for tvangsmulkt på same vis som etter reglane i jordlova. |
Hovudtyngda av høyringsinstansane har
slutta seg til dei fleste forslaga. Dette gjeld mellom anna innretting av
lova og forslaget til formålsparagraf. Det er også semje om avgrensinga av
lova.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon