|
Forslag 1
I lov om skogbruk skal § 4 tredje ledd lyde:
Departementet kan gi nærare forskrifter om omsyn skogeigaren skal ta i høve til miljøet.
Forslag 2
I lov om skogbruk skal § 6 første ledd tredje punktum lyde:
Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal normalt setjast i gang innan 5 år etter at hogsten er skjedd.
Forslag 3
I lov om skogbruk (skogbrukslova) skal
følgende bestemmelser lyde:
§ 4 fjerde ledd:
All slutthogst som ikkje er ein del av
ein godkjent plan, skal meldes til og godkjennast av skogbruksmyndigheitene.
Godkjente planer skal gjerast offentleg kjent.
§ 11 tredje ledd:
Har kommunen ikkje gitt svar på
meldinga innan 3 veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen,
eller gjort vedtak med heimel i § 6 tredje ledd, § 8 andre ledd eller
forskrift i medhald av § 4 eller § 7, kan det meldte tiltaket setjast i verk
i samsvar med dei reglane som gjeld etter lova. Om kommunen treng meir tid
for å ta stilling til tiltaket, kan kommunen avbryte fristen ved å gi
melding om dette.
§ 12:
Befolkninga skal gis høve til innsyn
og deltaking i alle planer og tiltak som kan virke inn på skogens
miljøverdier.
§§ 12 til 26 blir §§ 13 til 27.