Innst.O.nr.91 (2004-2005)
Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i menneskerettslova
(inkorporasjon av protokoll nr. 13 og 14 til den europeiske
menneskerettskonvensjonen)
1. Sammendrag
1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet gjer i
proposisjonen framlegg om å inkorporere protokoll nr. 13 til den europeiske
menneskerettskonvensjon (EMK) om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve i
norsk rett, ved å ta han inn i lista i menneskerettslova § 2 nr. 1 over dei
protokollane til EMK som gjeld som norsk lov. Departementet gjer også
framlegg om å endre menneskerettslova slik at det går fram at det er EMK som
endra ved protokoll 11 og 14 som gjeld som norsk lov. Protokoll 14 gjer
endringar i kontrollsystemet til konvensjonen, og vart ratifisert av Noreg
10. november 2004.
1.2 Nærare om innhaldet i lovframlegget
1.2.1 Protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjonen om
avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve
Protokoll nr. 13 inneber ei
folkerettsleg plikt for dei statane som er partar i protokollen, til å
avskaffe alle former for dødsstraff, både i freds- og krigstid. Det følgjer
av artikkel 1 at dødsstraff skal avskaffast og at ingen må bli dømd til slik
straff eller avretta. Artikkel 2 slår fast at forbodet mot dødsstraff ikkje
kan fråvikast etter reglane i EMK artikkel 15, dvs. heller ikkje under krig
eller annan offentleg naudtilstand som truar nasjonen.
Sidan Noreg allereie har oppheva
dødsstraffa og er folkerettsleg bunden til å ikkje innføre slik straff
igjen, vil det gjere liten rettsleg skilnad om protokoll nr. 13 vert
inkorporert i norsk rett. Norsk ratifikasjon og inkorporasjon vil likevel
gi eit nytt politisk signal om at Noreg ser på dødsstraff som ein
prinsipielt uakseptabel form for straff. Departementet gjer derfor framlegg
om å inkorporere protokollen i menneskerettslova.
1.3 Protokoll nr. 14 til den europeiske menneskerettskonvensjon om endring
av kontrollsystemet til konvensjonen
1.3.1 Innhaldet i protokollen
Protokollen gjer fyrst og fremst
endringar i føresegnene om sakshandsaminga til Den europeiske
menneskerettsdomstolen, og kom i stand for å sette Domstolen betre i stand
til innan rimeleg tid å handtere den store mengda av klagemål over brot på
konvensjonen. Dei viktigaste endringane av EMK som protokoll nr. 14 vil
føre med seg når han tek til å gjelde, kan samanfattast slik:
| - | Det
vert høve til at ein dommar, med bistand av rapportørar, kan avvise klagar som
klårt ikkje oppfyller vilkåra for å bli prøvd. |
| - | Det
vert høve til at komitear på tre dommarar samrøystes kan ta avgjerd i saker som
ikkje reiser nye rettslege spørsmål. |
| - | Det
vert høve til at Domstolen kan avvise saker der klagaren ikkje har lidd nokon
ulempe av eit visst omfang. |
| - | Både
handsaminga av spørsmålet om avvising og handsaminga av realitetane i saka skal
som hovudregel skje samstundes i eitt kammer. |
| - | Ministerkomiteen
får høve til å vedta at det skal vere fem dommarar i kvart kammer, i staden for
sju, slik som i dag. |
| - | Ministerkomiteen
får høve til å leggje spørsmålet om tolkinga av ein dom fram for Domstolen. |
| - | Ministerkomiteen
får høve til å leggje fram for Domstolen spørsmålet om ein stat har krenka si
plikt til å etterleve krava fastsett i ein dom. |
| - | Dommarane
ved Domstolen skal veljast for ein periode på ni år utan høve til attval. |
| - | Eventuelle
ad hoc-dommarar skal veljast av Domstolens president frå ei liste utarbeidd av
statane. |
| - | Kommissæren
for menneskerettar i Europarådet får høve til å intervenere i enkelte saker.
|
Det slås fast at EU kan tiltre EMK.
Protokoll nr. 14 vil ikkje ha nokre
direkte konsekvensar for det materielle innhaldet av menneskerettsreglane i
EMK slik dei er inkorporert i norsk rett. Protokollen inneheld berre
endringar av sakshandsaminga ved Den europeiske menneskerettsdomstol.
Dersom norske borgarar vil fremje ein klage for Domstolen, må dei innrette
seg etter dei nye sakshandsamingsreglane.
Når protokollen tek til å gjelde, vil
sakshandsamingsreglane i sjølve EMK artikkel 22 følgjeleg bli endra i tråd
med føresegna i protokoll nr. 14. Det vil seie at den eksisterande
tilvisinga i menneskerettslova § 2 nr. 1 til « Europarådets konvensjon 4.
november 1950 om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende
friheter som endret ved ellevte protokoll ... » vil vere misvisande etter at
protokoll nr. 14 har teke til å gjelde. Det vil derfor vere nødvendig å
vise jamvel til protokoll nr. 14 for å gjere det klart at det er
menneskerettskonvensjonen slik den lyder etter endringane gjennomført ved
denne protokollen, som skal gjelde som norsk lov. Departementet foreslår
derfor at det blir teke inn ei slik tilvising til protokoll nr. 14 i
menneskerettslova § 2 nr. 1.
Det er likevel ikkje før protokollen
blir sett i verk at endringane av sakshandsamingsreglane i EMK vil ta til å
gjelde. Departementet foreslår derfor at Kongen får høve til å fastsetje at
denne endringa av menneskerettslova § 2 nr. 1 ikkje blir satt i verk før
protokoll nr. 14 har teke til å gjelde.
1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Norsk rett og praksis tilfredsstiller
allereie krava i protokoll nr. 13 til EMK. Inkorporasjon av protokollen vil
derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for Noreg.
Inkorporasjon av protokoll nr. 14 vil ikkje ha administrative eller
økonomiske konsekvensar for norske styresmakter.
Sist oppdatert 14. juni 2006 av Stortingets administrasjon