|
Forslag 1
I friskoleloven skal ny § 5-5 og ny § 5-6 lyde:
§ 5-5. Skolemiljøutval ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.
Styret kan sjølv vere skolemiljøutval. Når styret fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at
skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å
skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i
alle saker som gjeld skolemiljøet, jf kapittel 9a.
§ 5-6. Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal.
Styret kan sjølv vere skolemiljøutval. Når styret fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf kapittel 9a. »
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen legge frem
sak om fritt nasjonalt skolevalg innenfor videregående opplæring, inklusiv
landslinjer og landsdekkende tilbud basert på statlig stykkprisfinansiering.
Forslag 3
I opplæringsloven skal ny § 11-5a lyde:
§ 11-5a. Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldra, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra er i fleirtal.
Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei får fleirtal.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at
skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å
skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i
alle saker som gjeld skolemiljøet, jf kapittel 9a.
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringen legge frem
forslag om lovbestemt driftsstyre på alle offentlige skoler og slik at
foreldrevalgte representanter har flertall.
Forslag 5
I opplæringsloven skal § 10-9 nytt tredje ledd lyde:
Den som skal tilsetjast i vidaregåande
skole, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er
sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep. Personar som er dømde for
seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette i grunnskolen.
Nytt fjerde ledd skal lyde:
Personar som arbeider i grunnskolen og
i vidaregåande skole, og som vert sikta eller tiltala for seksuelle
overgrep, kan ikkje utføre arbeid som medfører kontakt med elevar ved
skolen. Personar som vert dømde for seksuelle overgrep, skal seiast opp frå
stillinga si.
Forslag 6
I friskoleloven skal § 4-3 nytt tredje ledd lyde:
Den som skal tilsetjast i ein
vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest.
Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle
overgrep. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje
bli tilsette i grunnskolen.
Nytt fjerde ledd skal lyde:
Personar som arbeider i grunnskolen og
i vidaregåande skole godkjend etter lova her, og som vert sikta eller
tiltala for seksuelle overgrep, kan ikkje utføre arbeid som medfører kontakt
med elevar ved skolen. Personar som vert dømde for seksuelle overgrep, skal
seiast opp frå stillinga si.
Nåværende tredje ledd blir femte ledd.
Forslag 7
Stortinget ber Regjeringen legge frem ny sak med formuleringer av friskoleloven § 6-2b og § 6A-8 første ledd som forhindrer at friskoler pålegges begrensninger i driften som offentlige skoler ikke rammes av.
Forslag 8
I opplæringsloven skal § 10-9 nytt tredje ledd lyde:
Den som skal tilsetjast i vidaregåande
skole må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er dømd
for seksuelle overgrep.
Forslag 9
I friskoleloven skal § 4-3 nytt tredje ledd lyde:
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er dømd for seksuelle overgrep.