|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, frå Høgre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Framstegspartiet, leiaren John I Alvheim og Harald T Nesvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, frå Kristeleg Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og frå Senterpartiet, Ola D Gløtvold, viser til at ved behandling av St.meld. nr. 40 (2002-2003) - Nedbygging av funksjonshemmende barrierer - bad Stortinget Regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit forslag om lovfesting av kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Komiteen registrerer at Regjeringa følgjer opp dette vedtaket i denne proposisjonen.
Komiteen er kjend med at om lag halvparten av kommunane og dei fleste fylkeskommunane etter oppfordring frå Sosialdepartementet har oppretta slike råd for funksjonshemma. Denne erfaringa har vore klart positiv. Det har lenge vore eit ynskje innanfor organisasjonar for funksjonshemma at råda for funksjonshemma skulle lovfestast på lik line med eldreråda. Høyringsfråsegnene frå organisasjonane til dei funksjonshemma i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) var tydelege på eit ynskje om lovfesting.
Komiteen viser til at lovfesting av kommunale råd er i tråd med FNs standardreglar for like vilkår for funksjonshemma og dei forslaga som ligg føre til konvensjon om rettane til funksjonshemma. Komiteen er oppteken av at interessene til dei ulike gruppene med menneske med nedsett funksjonsevne må kunne ivaretakast utan å vere avhengige av sterke pressgrupper som berre ivaretar enkelte sine interesser. Ved å lovfeste brukarmedverknaden i kommunale råd meiner komiteen den reelle medverknaden på avgjerder som har konsekvensar for dei, vil verte monaleg styrka.
Komiteen stiller seg bak departementet sitt forslag til formålsparagraf og meiner at denne er med på å sikre intensjonen med råda. Komiteen understrekar at menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for dei. Dette gjeld m.a. tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne.
Komiteen er oppteken av at ein kjem fram til ordningar som gjer at menneske med nedsett funksjonsevne vert høyrde og tekne med på råd. Om denne ordninga blir uforma som eit råd eller på ein anna måte, er for komiteen ikkje det viktigaste. Men komiteen meiner at erfaringane med råd er gode, og reknar difor med at det normale vil vere at kommunane vel denne løysinga.
Komiteen viser til Innst.S.nr.162 (2003-2004) der ein samla komité uttala:
| « Komiteen stiller seg heilt bak Regjeringa sitt ynskje om å styrke brukarmedverknaden på kommunalt nivå for personar med nedsett funksjonsevne og støttar forslaget om å lovfeste brukarrepresentasjon for personar med nedsett funksjonsevne. Komiteen støttar også at kommunane vert gjeve fridom til å velje korleis denne brukarrepresentasjonen skal organiserast, slik at resultatet vert best mogeleg for alle grupper. » |
Fleirtalet i komiteen, beståande av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, utdjupa dette med å peike på at dei meinte at kommunale råd var den beste løysinga.
Komiteen stør difor at kommunane skal kunne velje ei anna løysing enn den typen råd som er tilrådd i rundskrivet frå Sosialdepartementet, men understrekar at det uansett skal vere ei formalisert og forpliktande ordning som krev kommunalt fastsette vedtekter. Komiteen stør at alternative ordningar vert kalla representasjonsordningar.
Komiteen viser til at departementet gjennom lovforslaget legg opp til at kommunane skal kunne velje ei anna løysing enn den typen råd som er tilrådd i rundskrivet frå Sosialdepartementet. Føresetnaden er at det er ei formalisert ordning. Komiteen understrekar likevel at hovudregelen skal vere at kvar kommune har eit kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
Komiteen meiner at det bør vere høve til å velje interkommunale løysingar. Komiteen vil likevel peike på at det bør vere kommunale løysingar der det er mogeleg å få til. Komiteen ser ikkje felles ordningar mellom fylkeskommunar som aktuelt.
Komiteen understrekar at dersom ei
ordning skal fungere godt, så må ho ha legitimitet. Dersom menneske med
nedsett funksjonsevne og eldre ikkje opplever å ha sterke nok felles
interesser, og dermed ikkje vil medverke til det, så vil ikkje eit felles
råd oppfylle formålet med lova. Høyringsfråsegnene indikerer at dette berre
unntaksvis vil vere tilfelle. Komiteen ventar at dette vil påverke den
einskilde kommunen i deira val av lokale løysingar, men meiner at denne
vurderinga samla sett må takast lokalt.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og
Senterpartiet vil streke under at for å sikre at dei funksjonshemma får
medverknad i saker som særleg gjeld denne gruppa, skal det opprettast eigne
råd eller anna representasjonsordning for personar med nedsett
funksjonsevne. Råd for eldre er alt lovfesta og etablert som eit talerør
for dei eldre i kommunane. Desse råda har difor eit anna fokus enn eit råd
for personar med nedsett funksjonsevne skal ha. Fleirtalet meiner difor at
felles råd for funksjonshemma og eldre ikkje er ei ønskeleg løysing, og som
berre skal nyttast i reine unntakshøve. Der det av ulike årsaker er
vanskeleg å få etablert eit eige råd, kan difor ei interkommunal løysing
vere eit betre alternativ.
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet viser til at den fremlagte proposisjonen om lovfesting av
råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for
menneske med nedsett funksjonsevne m.m. er en oppfølging av avtalen mellom
Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti som ble inngått i
forbindelse med behandlingen av
St.meld. nr. 40 (2002-2003). Disse medlemmer er imidlertid av den
oppfatning at dersom det skal kunne åpnes for at en skal kunne velge en
annen type tilnærming enn kommunale eller interkommunale råd for
funksjonshemmede, så må dette bare gjøres i helt spesielle tilfeller og i
forståelse med de funksjonshemmedes organisasjoner lokalt. Det er etter
disse medlemmers mening også viktig at dersom en skal fravike prinsippet om
kommunale eller interkommunale råd, så må dette underlegges en rimelig
streng godkjenningsordning. Disse medlemmer ønsker ikke en sammenblanding
av de nåværende eldreråd og kommunale eller interkommunale råd for
funksjonshemmede. I tilfeller der de forskjellige rådene skal sammensettes
og ikke minst i de forskjellige typer saker de skal avgi uttale i, kan det
være tildels store forskjeller mellom disse interessegruppene. Disse
medlemmer vil på denne bakgrunn stemme imot § 4 i lovforslaget.
Komiteen meiner at den tidlegare tilrådde samansetjinga med representasjon både frå politikarar, administrasjon og organisasjonane er den beste samansetjinga av rådet, men meiner at dette ikkje bør fastsetjast i lova, men avgjerast i den einskilde kommunen. Det er avgjerande at samansetjinga er med på å støtte opp om formålet med lova.
Komiteen stør departementet si vurdering av at den tidlegare tilrådde inndelinga i fem hovudgrupper ikkje lenger er formålstenleg som utgangspunkt for val av organisasjonsrepresentantar.
Komiteen stør departementet si vurdering av sekretariatsfunksjonen og er einig i at dette ikkje treng lovfestast.
Komiteen har merka seg at det vert tatt sikte på at kommunesektoren skal få kompensasjon for meirutgifter som følgje av lova, og er einig i at kompensasjonsbeløpet vert lagt inn i rammetilskotet til kommunane, slik det vert gjort for eldreråda.