|
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag til full avgiftsmessig likebehandling av forvaltningstjenester som boligbyggelagene yter til tilknyttede borettslag og mellom frittstående borettslag og sameier.
Forslag 2
I lov om endringer i
lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) mv. gjøres
følgende endringer:
§ 2-13 andre ledd andre punktum skal lyde:
Før buretten blir overteken, skal
avtalen om rett til bustad i laget registrerast i burettsregisteret.
Ny § 6-16 skal lyde:
Skadebotansvar
(1) Registereigaren skal bøte tap som nokon lir utan eiga skyld ved:
| 1. | å lite på ein attest om registrering eller sletting eller på ei attestert registerutskrift, |
| 2. | at eit rettserverv ved ein feil ikkje blir registrert eller blir registrert eller endeleg registrert for seint, |
| 3. | at eit rettserverv må stå attende etter § 6-12 for eit erverv som er registrert seinare, eller |
| 4. | at registrering er skjedd på grunnlag av eit dokument som nemnt i § 6-13 andre ledd, og nokon i god tru har fått registrert ein rett som byggjer på avtale, i tillit det registrerte. |
(2) Registereigaren er elles ansvarleg
for tap som nokon lir ved aktløyse frå registereigar eller registerførar
eller nokon som registereigar eller registerførar er ansvarleg for etter
skadebotlova § 2-1. Dette gjeld også aktløyse eller mangelfull oppfølging
og/eller sikring mot at registeropplysningane heilt eller delvis blir
øydelagd.
§ 14-9 nytt åttende og niende ledd skal lyde:
(8) Beslagsforbod i andel i burettslag og råderettsband etter dekningslova § 3-2 i slik andel har rettsvern utan registrering i burettsregisteret, dersom rettsvernet er sikra før kapittel 6 i lova her er sett i verk.
(9) Er det i medhald av § 14-17 avtalt innskrenking i røysteretten etter § 7-10, kan innskrenkinga halde fram så langt det følgjer av dei tidlegare reglane.