|
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen foreta en
bred evaluering av offentleglova ikke senere enn fem år etter at loven er
vedtatt iverksatt. Temaer som må evalueres er blant annet lovens
virkeområde, formålsparagrafen, lovens unntaksbestemmelser, praksis for
klage, praktiseringen av meroffentlighetsprinsippet og hvordan loven
praktiseres med sikte på eventuelle nødvendige korreksjoner for å oppfylle
lovgivers intensjon.
Forslag 2
§ 2 første ledd første punktum bokstav e) skal lyde:
Rettssubjekt som utfører helse-,
sosial- eller utdanningstenester som det offentlege har eit lovpålagt ansvar
for å tilby. Lova kjem berre til anvendelse så sant rettssubjektet utfører
slike tenester. Lova gjeld ikkje for enkeltpersonar som har fått i oppdrag
å utføre slike tenester.
§ 2 første ledd tredje punktum skal lyde:
For verksemder som etter offentleg
oppkjøp eller liknande kjem inn under bokstavane c, d eller e, gjeld lova
frå og med fjerde månadsskiftet etter den månaden da vilkåra vart oppfylte.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med forslag om innsyn i forhold til hva private og offentlige organisasjoner og stiftelser mottar av offentlige midler, og hvordan slikt innsyn skal skje. Slikt innsyn skal kun gjelde hva man mottar av offentlige midler og fra hvilken offentlig instans man mottar slike midler fra.
Forslag 4
§ 11 første ledd andre punktum skal lyde:
Organet skal gi innsyn dersom omsynet
til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak.
Forslag 5
§ 14 skal lyde:
Når det er nødvendig for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar, kan organet gjere unntak frå innsyn for dokument som organet har utarbeidd for si eiga interne saksførebuing.
Første ledd gjeld ikkje:
| a) | dokument eller del av dokument som inneheld den endelege avgjerda til organet i ei sak, |
| b) | generelle retningslinjer for saksbehandlinga til organet, |
| c) | føredrag til saker som er avgjorde av Kongen i statsråd, |
| d) | presedenskort og liknande, men ikkje dersom kortet gjengir organinterne vurderingar, |
| e) | opplysningar som organet nedteikna etter forvaltningsloven § 11 d, |
| f) | opplysningar innhenta av organets tjenestemenn gjennom synfaring eller gransking av tilhøve utanfor verksemda, og |
| g) | endeleg
rapport frå ei formelt nedsett arbeidsgruppe samt endelege repeterande rapportar
frå verksemder eller forvaltningsgreiner. |
Forslag 6
§ 32 skal lyde:
Avgjerder etter denne lova kan påklagast til Klagenemnda for dokumentoffentlegheit. Klage over avgjerd i eit departement skal handsamast av Kongen i statsråd etter at Klagenemnda har gitt rådgjevande uttale i saka. Avgjerder om å gi innsyn kan ikkje påklagast.
Dersom den som har kravd innsyn, ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at organet mottok kravet, skal dette reknast som eit avslag som kan påklagast etter første ledd. Regelen i første punktum gjeld ikkje i slike tilfelle som fell inn under § 13 tredje ledd, og når spørsmål om nedgradering må leggjast fram for eit anna organ.
Klaga skal førebuast og avgjerast utan ugrunna opphald. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI så langt dei passar.
Vedtaket til klageinstansen er særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13 overfor kommunar og fylkeskommunar og rettssubjekt som er omfatta av § 2 første ledd bokstavane b til d.
Kongen kan i forskrift fastsetje
føresegner for Klagenemnda sin organisasjon og verksemd.
Forslag 7
Under kapittel 4 Saksbehandling og klage mv. skal § 33 Straff lyde:
Den som forsettlig bryter bestemmelser
om offentlighet i denne lov eller i medhold av denne lov straffes med bøter.
Dersom lovbruddet er forøvet av en offentlig ansatt tjenestemann, vil man
også kunne idømmes tap av stilling eller tjeneste.
Innstillingens § 33 og § 34 bilr § 34 og § 35.