|
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende
I
lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) blir det
gjort følgende endringer:
§ 1-1 første ledd nytt annet punktum skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast
godkjenning til nye frittståande skolar eller tilskot til godkjende skolar
som ikkje er i drift 13. desember 2005, jf. § 1-5, § 2-1, § 2-2 og § 6A-1.
§ 1-5 skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast løyve
til avvik frå lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller
organisatoriske forsøk. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember
2005, har rett til tilskot etter lova.
§ 2-1 første til tredje ledd skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye frittståande grunnskolar. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive verksemd etter lova.
Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyllar krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk, dette gjeld likevel ikkje internasjonale skolar.
Høvet til godkjenning gjeld berre
dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative følgjer
for vertskommunen. Vertskommunen skal gi fråsegn før departementet gjer
vedtak i saka.
§ 2-2 første til tredje ledd skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye frittståande vidaregåande skolar. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive verksemd etter lova.
Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyllar krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar.
Høvet til godkjenning gjeld berre
dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative
konsekvensar for vertsfylket. Vertsfylket skal gi fråsegn før departementet
gjer vedtak i saka.
§ 6A-1 første ledd skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast
godkjenning til nye vidaregåande skolar i Noreg som har til føremål å gi
yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar.
Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til
tilskot og til å drive verksemd etter lova. Departementet kan i særlege
tilfelle gjere unntak frå første og andre punktum dersom skolen oppfyllar
krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. For skolar som
er godkjende etter paragrafen her, gjeld reglane i dette kapitlet.
I lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning (fagskoleloven) skal § 8 annet ledd lyde:
Skoler som er godkjent etter denne
loven innen 16. desember 2005, og som er godkjent etter
lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar
kap. 6A , har rett til tilskudd etter reglene i friskolelova.
Loven trer i kraft straks.
| Oslo, i kirke-, utdannings-
og forskningskomiteen, den 15. mai 2006 |
| Ine Marie Eriksen leder |
Anniken Huitfeldt ordfører |