|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til at Riksrevisjonen har avdekka at ei rekke kjøp av varer og tenester skjer utan konkurranse, i strid med regelverket. Komiteen støtter derfor forslaget om å innføre eit overtredingsgebyr mot ulovlege direkte innkjøp, for å sikre større etterleving av regelverket.
Komiteen syner til at regelverket for
offentlege anskaffelser er komplisert, og det er truleg manglande forståing
og kjennskap til regelverket som ligg bak dei fleste tilfeller av brot på
innkjøpsreglane. Komiteen meiner derfor at overtredingsgebyr berre bør
ileggast ved forsettlige og grovt uaktsame eller gjentatte brot på
regelverket. Komiteen støtter at det skal fastsettes ein maksimumssats på
15 % for gebyret, og storleiken på gebyret må vurderast i lys av kor
alvorleg brotet er. Komiteen vil understreke at maksimalsatsen på 15 %
berre bør brukast i svært alvorlege tilfeller.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemene frå Kristelig Folkeparti, Høgre, Fremskrittspartiet og Venstre,
viser til at handheving av gebyret bør leggast til det organet som har
høgast kompetanse på området. Fleirtalet støtter derfor forslaget om at
handhevingsmyndigheit vert lagt til Klagenemnda for offentlige anskaffelser
(KOFA). Fleirtalet registrerer at mange høyringsinstansar har vore negative
til at KOFA skal ha denne rolla. Fleirtalet syner til at Regjeringa har
varsla at KOFA skal evaluerast, og i denne samanheng vil ein blant anna
vurdere kva slag oppgåver KOFA skal ha i framtida.
For å medverka til økt tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne, støtter komiteen forslaget om at offentlege innkjøparar bør vurdere omsynet til universell utforming på same måte som omsynet til miljø- og livssykluskostnader når dei gjer anskaffelser. Komiteen har merka seg at det i høyringa vart framstilt ønske om ei forsterking av plikta til å ta omsyn til universell utforming ved offentlege anskaffelser. Komiteen finn det ikkje tenleg å forsterke dette ytterlegare no, og meiner at endringane som no vert gjort i lova vil ivareta omsynet til universell utforming.
Komiteen viser til at lova er eit sentralt virkemiddel for å sikre at det offentlege opptrer med høg integritet, slik at allmennheita kan ha tillit til at offentlege anskaffelser skjer på ein samfunnsmessig god måte. Komiteen meiner derfor det er formålstenleg med ein tilføying i føremålsparagrafen som framhever dette omsynet.
Komiteen viser til at ein medverkande faktor til at stadig fleire klager til KOFA, er kompliserte og rigide innkjøpsreglar. Komiteen viser til at det derfor er viktig framover å gje offentlege innkjøparar betre innkjøpskompetanse slik at klagemengda i framtida kan reduserast.
Komiteen viser til at Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett har foreslått å styrke KOFA med 1,5 mill. kroner, noko som vil auke kapasiteten og hjelpe til at regelverket blir etterlevt.
Komiteen er elles opptatt av å ha ein
sterk og effektiv offentleg sektor som gjer innbyggarane gode tenester av
høg kvalitet. Det offentlege kjøper inn varer og tenester for 200 mrd.
kroner i året.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at i
mange tilfeller kunne dette vore oppgåver som det offentlege i større grad
kunne utført sjølv, framfor å gjennomgå kostbare anbodsrundar. For å gjere
offentleg sektor enda betre, er dei tilsette vår viktigaste ressurs.
Endringar skal skje i kontakt og samarbeid med dei tilsette og deira
organisasjonar.
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre understreker
viktigheten av å overholde regelverket for offentlige anskaffelser. Disse
medlemmer viser til at det er det offentliges ansvar å forvalte regelverket
på en holdbar måte. Disse medlemmer mener derfor at forslaget om et
overtredelsesgebyr mot ulovlige direkte innkjøp, vil gi et insitament til å
kvalitetssikre arbeidet med offentlige anskaffelser.
Komiteens medlemmer fra
Fremskrittspartiet mener det er viktig med en effektiv håndhevelse av
regelen om overtredelsesgebyr og at det skjønnsmessige vurderingstemaet er
snevert.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til AUDA-rapporten (Arbeidsgruppen mot Ulovlige Direkte Anskaffelser) av 31. mars 2003, som foreslår å legge ansvaret for å håndheve regelverket til Konkurransetilsynet og støtter dette. Disse medlemmer viser til at KOFA er et rådgivende organ som skal bistå det offentlige og private i arbeidet med å foreta korrekte anbudsprosesser, og at det vil være uheldig hvis dette organet også skal tillegges oppgaven med å være håndhevingsorgan for et overtredelsesgebyr. Disse medlemmer mener at dette vil bidra til å svekke KOFAs tillit hos sine oppdragsgivere, og at avklarings- og tvisteløsningsarbeidet vil kunne bli vanskeligere for KOFA.
Disse medlemmer fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
« I
lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser gjøres følgende
endringer:
Ny § 7c skal lyde:
Konkurransetilsynet skal ha myndighet
til å fatte vedtak om overtredelsesgebyr etter § 7b.
§ 7a første ledd annet punktum utgår. »