|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag om lov om endringar i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova).
Forslaget til lovendringar inneber for det første at tilvisinga til Kommunal- og regionaldepartementet i utlendingslova § 38a fjerde ledd og § 38b første og andre ledd blir erstatta med ei tilvising til « det departementet som har hovedansvaret for utlendingsforvaltningen ». Dette lovforslaget inneber ingen innhaldsmessige endringar i utlendingslova.
Bakgrunnen for lovforslaget er at Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå 1. januar 2006 overtok det myndet som tidlegare låg til Kommunal- og regionaldepartementet etter utlendingslova.
Det blir vidare føreslått at føresegna som utgjorde femte ledd i utlendingslova § 42 fram til endringslova av 10. juni 2005 nr. 50 blei sett i kraft, blir nytt sjette ledd i § 42. Dette leddet blei ved ein inkurie oppheva i samband med den nemnde lovendringa. For samtidig å tydeleggjere innhaldet i føresegna, blir det føreslått ei presisering i ordlyden.
Utlendingslova §§ 17, 34a, 37 og 37e viser i dag til « samarbeidet i henhold til avtale mellom Norge, Island og Det europeiske fellesskap om kriterier og mekanismer for å avgjøre hvilken stat som er ansvarlig for behandlingen av en asylsøknad som fremlegges i Norge, Island eller en medlemsstat »/« i henhold til avtale mellom Norge, Island og Det europeiske fellesskap om kriterier og mekanismer for å avgjøre hvilken stat som er ansvarlig for behandlingen av en asylsøknad som fremlegges i Norge, Island eller en medlemsstat ». Det blir i proposisjonen her føreslått at desse tilvisingane blir erstatta med tilvisingar til « samarbeidet i henhold til avtalene mellom Norge, Island og Det europeiske fellesskap og mellom Norge, Island og Sveits om kriterier og mekanismer for å avgjøre hvilken stat som er ansvarlig for behandlingen av en asylsøknad som fremlegges i Norge, Island, Sveits eller en medlemsstat"/"i henhold til avtalene mellom Norge, Island og Det europeiske fellesskap og mellom Norge, Island og Sveits om kriterier og mekanismer for å avgjøre hvilken stat som er ansvarlig for behandlingen av en asylsøknad som fremlegges i Norge, Island, Sveits eller en medlemsstat ».
Til sist føreslår departementet ei endring i utlendingslova § 27, som gjeld bortvising i samband med innreise i riket. Endringa går ut på å opne for å kunne bortvise ein utlending når det er nødvendig av omsyn til folkehelsa, jf. utkastet til § 27 første ledd bokstav j. Bakgrunnen for den føreslåtte endringa er at Rådet i EU i februar 2006 vedtok ei forordning om grensekontroll. Denne forordninga er føresett gjennomført i norsk rett.
Departementet strekar under at ikkje kva som helst sjukdom kan danne grunnlag for bortvising. For å kunne bortvise nokon av omsyn til folkehelsa, må det dreie seg om
| - | ein sjukdom som potensielt kan utvikle seg til ein epidemi slik dette er definert i Det internasjonale helsereglementet (IHR) til Verdshelseorganisasjonen (WHO), eller |
| - | ein annan infeksjonssjukdom eller smittsam parasittsjukdom dersom sjukdommen fører til at det blir sett i verk vernetiltak overfor borgarar i medlemsstatane. |
Departementet finn grunn til å understreke at lovendringa inneber at personar kan visast bort på grunnlag av omsynet til folkehelsa; ein har ikkje plikt til å vise bort personar på dette grunnlaget.
Departementet legg til grunn at rettstryggleiken til asylsøkjarar og andre som treng vern, ikkje blir endra.
Lovendringa vil i dag berre gjelde overfor tredjelandsborgarar, det vil seie utlendingar som ikkje er omfatta av EØS-avtalen eller EFTA-konvensjonen.
Departementet kan ikkje sjå at forslaget til endringar i utlendingslova § 27 første ledd bokstav j vil føre til nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.