Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.65 (2005-2006)
Innstilling frå finanskomiteen om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.


oversikt første forrige neste

10. Skattefritak for Verdipapirforetakenes sikringsfond

10.1 Samandrag

       Med verknad frå 1. januar 2006 skal det skipast eit sikringsfond for verdipapirforetak. Departementet legg fram forslag om at fondet skal vere fritatt frå skatt på inntekt og formue, slik mellom anna Bankenes sikringsfond er.

       Departementet legg derfor fram forslag om å endre skattelova § 2-30 første ledd bokstav k.

       Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane av forslaget er små, og at det same vil gjelde dei administrative konsekvensane.

       Departementet legg fram forslag om at endringane tek til å gjelde med verknad frå 1. januar 2006.

10.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om endring i skattelova § 2-30 første ledd bokstav k.



oversikt første neste


Sist oppdatert 12. juni 2006 av Stortingets administrasjon