Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.67 (2005-2006)
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 61 om felles regler for det indre marked for naturgass, i lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumsloven) og i somme andre lover


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Olje- og energidepartementet viser til Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/55/EF om felles reglar for ein indre marknad for naturgass (gassmarknadsdirektiv II) som vart vedteke i 2003, og som erstattar direktiv 98/30/EF (gassmarknadsdirektiv I). Fristen for å gjennomføre gassmarknadsdirektiv II i den nasjonale lovgivinga i medlemsstatane i EU var 1. juli 2004.

       EØS- komiteen vedtok desember 2005 å innlemme gassmarknadsdirektiv II i EØS-avtala vedlegg IV Energi, og det er etter dette ein frist på seks månader for EFTA-partane til å gje melding om at interne godkjenningsprosedyrar er fullført.

       Departementet viser elles til St.prp. nr. 52 (2005-2006) « Energimarkedspakken ».

       Gassmarknadsdirektiv I ( 98/30/EF ) var det første steget for å utvikle rammer for ein effektiv og fungerande gassmarknad i EU/EØS. Gassmarknadsdirektiv II er basert på at EU meiner det er eit potensial for betring på enkelte område for å fremje ein velfungerande indre marknad for naturgass.

       Gassmarknadsdirektiv II justerer gassmarknadsdirektiv I - mellom anna ved å harmonisere reglane om tariffar og vilkår for tredjepartstilgang til overførings- og distribusjonsnetta. Vidare innfører det nye reglar om å skilje verksemd knytt til overføring og distribusjon frå verksemd som kan vere utsett for konkurranse.

       Gassmarknadsdirektiv II er utforma for å regulere ein moden marknad med etablert infrastruktur. Direktivet balanserer òg omsyna til ein marknad under oppbygging og marknader som er meir utvikla.

       I EØS-komitévedtaket av desember 2005 er det slått fast at Noreg er ein gassmarknad under oppbygging. Dette gir mellom anna høve for unntak frå reglane om tredjepartstilgang, reglane om utpeiking av operatør for overføring og distribusjon av naturgass og om krav til selskapsmessig og funksjonelt skilje av operatørar for overførings- og distribusjonsnett for naturgass. Departementet viser til at status som marknad under oppbygging inneber at Noreg innafor direktivet sine rammer kan bruke inntil 10 år frå 2004 - tida fram til 2014 - for gjennomføring av fleire av reglane i direktivet.

       Gassmarknadsdirektiv II medfører trong for mindre endringar i naturgasslova, mellom anna at det vert opna for å gjere ei innskrenking av tilgangsretten i høve til det som følgjer av dagens naturgasslov.

       Olje- og energidepartementet er etter ei totalvurdering kome til at det for tida er mest føremålstenleg å vidareføre systemet som vart valt ved implementeringa av gassmarknadsdirektiv I. Det inneber at ein opprettheld ei rammelov der dei sentrale prinsippa i direktivet vert nedfelt.

       Direktivet sine reglar om tredjepartstilgang til oppstraums gassrøyrleidningsnett er uendra i gassmarknadsdirektiv II i høve til det første direktivet. Nytt i direktivet er at det mellom anna kan gjerast unntak frå tredjepartstilgang til oppstraums gassrørleidningsnett for større ny infrastruktur på nærare vilkår. Det er ikkje naudsynt med ei lovendring for å gjennomføre denne regelen i norsk rett.



oversikt første neste


Sist oppdatert 6. juni 2006 av Stortingets administrasjon