Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.69 (2005-2006)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Olje- og energidepartementet legg i proposisjonen fram utkast til lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt. Det er i dag staten ved Olje- og energidepartementet som står for beredskapslagringa og som eig petroleumsprodukt tilsvarande om lag dagleg forbruk for 18 dagar i Noreg. Beredskapslagring av petroleumsprodukt er ein del av det norske totalforsvarskonseptet, men trusselbiletet Noreg står overfor, har endra seg, og behovet for beredskapslagring har endra seg tilsvarande.

       Departementet ynskjer å tilpasse beredskapslagringa til situasjonen slik han er i dag - og foreslår ei ny ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt. Dei lagra voluma skal kunne nyttast til å sikre forsyningane til den norske marknaden i fall leveransane vert forstyrra. I tillegg kan voluma nyttast som tilskot til ein samordna krisehandteringsplan innanfor ramma av Det internasjonale energibyrået (IEA).

       Dersom ein skal påleggje private aktørar å halde lager, må det heimlast i lov. Gjeldande lovgiving om beredskap gir ikkje tilstrekkeleg heimel for påbod om slik lagring. Føremålet med den nye lagringa er òg noko meir omfattande enn føremålet var for gjeldande beredskapslovgiving. Kven som skal påleggjast å halde lager av petroleum og petroleumsprodukt, bør difor gå fram av ei lov.

       Nærare retningslinjer om fastsetjing av lagringspliktige produkt, omfang og oppfylling av lagringsplikta, rapportering osv. vil verte detaljerte og av meir teknisk karakter. Dei bør etter Olje- og energidepartementet si vurdering gå fram av ei forskrift.

       I framlegget til ny lov om petroleumsprodukt legg departementet opp til at produsentar og importørar av petroleumsprodukt skal påleggjast ei lagringsplikt. Det går fram av § 1 i lovframlegget, at Kongen i forskrift kan avgjere at den som her i landet tilverkar eller importerer petroleumsprodukt, pliktar å halde beredskapslager av desse produkta. I den same føresegna får òg Kongen delegert kompetanse til å fastsetje forskrift om dei nærare reglane om omfang og oppfylling av lagringsplikta, fastsetjing av lagringspliktige produkt, rapportering osv.

       Lova gir heimel til å fastsetje i forskrift nærare føresegner om administrative sanksjonar for brot på føresegnene i lova.

       Departementet har greidd ut forholdet til Svalbard ut frå føremålet med lova og kome fram til at lova ikkje skal gjelde for Svalbard.

       Departementet planlegg å gi retningsliner for utmåling av gebyr i forskrifta. Lovframlegget set ei øvre grense på 10 mill. kroner per vedtak. Departementet understrekar at dette er ei øvre grense, og at gebyr i den øvre delen av skalaen skal vere reservert for grove og gjentekne brot. Eit « gjennomsnittsgebyr » skal liggje godt under 10 mill. kroner. Det skal mellom anna takast omsyn til kor grovt brotet er, kor lenge det varer, den preventive effekten og den økonomiske evna til føretaket.

       Beredskapsbehaldningane skal etter planen seljast i 2006. Når den nye lagermodellen er etablert og departementet har avhenda beredskapslagra sine, vil det årleg kome på eit mindre beløp til oppfølging og kontroll av at selskapa oppfyller forpliktingane sine.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. juni 2006 av Stortingets administrasjon