Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.53 (2006-2007)
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer mv. (skjeringsdato, valkort o.a.)


oversikt første forrige neste

1. Innledning

       Gjennomføringa av stortingsvalet i 2005 viste at somme forhold rundt valavviklinga ikkje fungerte godt nok. På bakgrunn av dette vert det fremma forslag - som slik departementet ser det - vil kunne medverke til å redusere desse problema, og dessutan forslag til visse andre endringar i vallova.

       Departementet fremmar forslag til lovendringar med sikte på å redusere talet på forkasta røystegivingar. Det blir føreslått å lovfeste ei plikt for kommunane til å sende ut valkort. Dette vil kunne medverke til at veljarane på valdagen unngår å røyste i ein annan kommune enn i den kommunen dei er manntalsførte i. I tillegg blir det føreslått å endre skjeringsdatoen, det vil seie datoen for når ein må vere registrert som busett i ein kommune for å komme med i manntalet i denne kommunen, frå 31. mai til 30. juni i valåret.

       Det blir vidare fremma forslag om at veljarane må identifisere seg for å kunne røyste.

       Departementet omtaler òg ein del forhold som vart nemnde i høyringsnotatet, men der departementet ikkje fremmar noko lovendringsforslag. Dette gjeld tidspunktet for når førehandsrøystegivinga skal avsluttast innanriks, når førehandsrøystegivingane må ha komme inn til valstyret for å kunne godkjennast, og dessutan ein del spørsmål i samband med elektronisk teljing av røystesetlar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 2. apr 2007 av Stortingets administrasjon