|
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald
Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode
Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn
Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik,
frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren
Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at det har
kome inn svært få merknader til forslaget til lovendring under
høyringsprosessen. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening understrekar
likevel i høyringsutsegna si at det offentlege vil få ein breiare lovheimel
til å påleggje næringa avgifter. Dette innser òg komiteen, men meiner
likevel at Regjeringa sitt framlegg til lovendring er i tråd med det
generelle oppryddingsarbeidet i gebyr- og avgiftssystemet som blei starta av
den førre regjeringa og som blir vidareførd av dagens regjering. Det er
etter komiteen sitt syn riktig å redusere gebyrordningar til berre å dekkje
kostnadene det offentlege har med ei klart definert oppgåve, mens det i
tillegg kan opnast for sektoravgifter for å finansiere utgiftene til
bestemde tiltak der dette er formålstenleg.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til innspill i høringsprosessen fra Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening om at forslaget vil gi det offentlige en bredere hjemmel for å pålegge næringen avgifter. Disse medlemmer mener at forslaget til ny § 26 bare skal benyttes som en del av oppryddingsarbeidet i gebyr- og avgiftssystemet, og at næringen ikke skal pålegges nye tyngende avgifter og gebyrer.