Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.O.nr.97 (2006-2007)
Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)


oversikt første" forrige

4. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til merknadene og til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov
om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)

§ 1. Føremål

       Lova har til føremål å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

§ 2. Definisjonar

       Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å

a.skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
b.verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
c.delta i kulturaktivitet,
d.utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.

§ 3. Statens oppgåver

       Staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak.

       Staten skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.

§ 4. Fylkeskommunens og kommunens oppgåver

       Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.

§ 5. Felles oppgåver

       Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for

a.at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,
b.å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,
c.at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.

§ 6. Ikraftsetjing

       Kongen fastset når lova skal ta til å gjelda.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 7. juni 2007

May-Helen Molvær Grimstad May Hansen
leder ordfører


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. juni 2007 av Stortingets administrasjon