|
Komiteen har ellers ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å treffe følgende
Den årlige rentesatsen for lån på II-vilkår blir fastsett kvart år ved Kongeleg resolusjon. Topprenta for lån på I-vilkår blir satt lik renta på II-vilkår. Endringa blir gjort gjeldande frå 1. januar det påfølgjande år.
Endring i renta som skulle vore gjort gjeldande frå 1. januar 1994, blir gjort gjeldande frå 1. november 1993.
Oppføringslån I kan nyttast til finansiering av lån til nye bustader, barnehagar, bygg som inngår i skulereformen samt omsorgsbustader, sjukeheimar og andre kommunale omsorgstiltak.
For oppføringslån I til nye bustader og utbedringslån I til byfornying blir det gitt rentereduksjon ved rentetrapp eller ved fast underrente.
Rentetrappa har det første året ei rente som er 2 prosentpoeng lågare enn den til einkvar tid gjeldande topprente (jf pkt 1.1). Dei påfølgjande 3 år er den årlege renta henholdsvis 1,5, 1 og 0,5 prosentpoeng lågare enn topprenta. Frå det 5. året er den årlege renta lik topprenta.
Ved fast underrente betalast eit prosentpoeng lågare enn den til einkvar tid gjeldande topprenta (jf pkt 1.1) i 5 år.
For lån til barnehagar og bygg som inngår i skulereformen blir det berre gitt rentereduksjon ved fast underrente.
For lån til omsorgsbustader og sjukeheimar er renta 1,5 prosentpoeng lågare enn den til einkvar tid gjeldande topprente dei 4 første åra.
Utleigelån med tilsegn til og med 31. desember 1993, blir gitt med 10 års rentefridom og deretter rentevilkår som selektive I-lån (jf. pkt 1.1.2).
Kjøpslån og oppføringslån til bustader, barnehagar, bygg som inngår i skulereformen, omsorgsbustader, sjukeheimar, utleigebustader og miljøtiltak har i regelen 30 års løpetid.
For kjøpslån, oppføringslån til
bustader, omsorgsbustader og sjukeheimar skal det betalast avdrag etter
følgjande plan:
| Første 8 år | Avdragsfritt |
| Neste 5 år | 2 prosent pr. år |
| Neste 6 år | 4 prosent pr. år |
| Siste 11 år | 5 prosent pr. år. |
For oppføringslån til barnehagar, miljøtiltak og utleigebustader skal det betalast avdrag som for serielån utan avdragsfri periode.
Utlånsvilkåra under pkt. 2 omfattar lån med tilsegn eller bevilling utan forutgåande tilsegn frå og med 1. januar 1980 til og med 31. januar 1992.
Lån på I-vilkår med tilsegn i perioda
1. januar 1980 til og med 31. desember 1992 blir belasta med ei topprente på
8,5 prosent pr. år. Lån på I-vilkår med tilsegn i perioda 1. januar 1980 til
og med 31. desember 1988 blir belasta med følgjande rentesatsar:
| Første året | 5 % pr. år |
| Andre året | 6 % pr. år |
| Tredje året | 7 % pr. år |
| Fjerde året | 8 % pr. år |
| Femte og følgjande
år 8,5 % pr. år |
For lån til bustadar som er innreda og klausulerte for funksonshemma med tilsegn frå og med 1. januar 1980 til og med 31. desember 1988, skal alle rentesatsar være eit prosentpoeng lågare. Dette gjeld oppføringslån I, utbetringslån I og kjøpslån.
Lån på I-vilkår med tilsegn frå og med
1. januar 1989 til og med 31. desember 1992 blir belasta med følgjande
rentesatsar:
| Første året | 6 % pr. år |
| Andre året | 7 % pr. år |
| Tredje året | 8 % pr. år |
| Fjerde og følgande
år 8,5 % pr. år |
Oppføringslån I med tilsegn frå og med 1. januar 1990 som er gitt med jamn rentesats over heile lånets løpetid skal bli belasta med ei rente på 0,5 prosentpoeng lågare enn topprenta for I-lån med tilsegn i same periode.
For lån til bustadar som er innreda og klausulerte for funksjonshemma med tilsegn frå og med 1. januar 1989, og for etableringslån I gitt samtidig med etableringstilskott, skal rentesatsen være 2 prosentpoeng lågare enn ordinært dei første 6 åra, og eit prosentpoeng lågare frå det 7. året. Dette gjeld oppføringslån I, utbetringslån I, etableringslån I og kjøpslån.
Utlånsvilkåra under pkt. 3 omfattar lån med tilsegn eller bevilgning utan forutgåande tilsegn før 1. januar 1980.
Utjamningslån til bustadar som er innreda og klausulerte for funksjonshemma har topprente eitt prosentpoeng lågare enn ordinært.
4.1 Renter og avdrag betalast i kvartalsvise terminar. Husbanken kan tilby kortare terminar. Ved mislighald av lån blir Husbanken gitt høve til å påleggje låntakar månadlege termininnbetalingar.
4.2 Departementet har høve til å gje løyve til halvårlege termininnbetalingar til burettslag m.v. dersom desse er knytta til Stiftelsen Boligsamvirkets fond mot husleigetap eller andre tilsvarande sikringsordningar.
Punkt 1.1 gjeld frå og med 1. november
1993. Dei resterande punkta gjeld frå og med 1. januar 1994.
| Oslo, i kommunalkomiteen,
den 17. november 1993. |
Roger Gudmundseth, | Anneliese Dørum, | Ola T Lånke |
leder. | ordfører. | sekretær. |