Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.23 (1993-1994)
Innstilling frå finanskomiteen om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån.


oversikt første" forrige

5. KOMITEENS TILRÅDING

       Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

v e d t a k :

I.

       Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye faste innanlandske statslån til eit beløp av 70.000 mill. kroner i 1994 og til å ha uteståande faste lån og spareobligasjonslån for inntil 192.858 mill. kroner.

II.

       Finansdepartementet får fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar i 1994 for oppgjer som er avtalte før 31. desember 1991 innanfor den gitte fullmakta på 3.400 mill. kroner.

III.

       Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande midlertidige lån frå statsinstitusjonar og fond under offentleg forvaltning blir halden uendra på 70.000 mill. kroner.

IV.

       Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande midlertidige lån frå andre enn statsinstitusjonar og fond under offentleg forvaltning blir halden uendra på 100.000 mill. kroner.

V.

       Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 1994 til eit beløp motsvarande 20.000 mill. kroner og til å ha uteståande inntil motsvarande 89.404 mill. kroner i utanlandske statslån utrekna på grunnlag av valutakursane pr. 30. september 1993.

Oslo, i finanskomiteen, den 2. desember 1993.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen,

Eilef A Meland, Per-Kristian Foss,

leiar.

ordførar. sekretær.


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon