|
Dei samla utgiftene for staten og for
folketrygda var 450,0 mrd. kroner i 1992. I 1991 var dei samla utgiftene
421,6 mrd. kroner. Dei samla inntektene var 394,3 mrd. kroner i 1992 og
359,5 mrd. kroner i 1991. Lånetransaksjonar og overføring til og frå
Statens petroleumsfond er medrekna i desse tala. Rekneskapen viser desse
hovudtala:
|
Løyving Mrd kr | Rekneskap Mrd kr |
|---|
| Utgifter | 451,2 | 450,0 |
| Inntekter | 388,9 | 394,3 |
| Finansieringsbehov | 62,3 | 55,7 |
| Netto utlån | 22,2 | 20,8 |
| Underskott før lånetransaksjonar | 40,1 | 34,9 |
| Netto oljeverksemd og overføring frå Noregs Bank | 33,2 | 35,0 |
| Underskott ekskl. olje og Noregs Bank | 73,3 | 69,9 |
Rekneskapen viser eit underskott før lånetransaksjonar på 34,9 mrd. kroner mot løyvd underskott på 40,1 mrd. kroner.
Utan oljeverksemda og overføringa frå Noregs Bank vert det eit underskott på 69,9 mrd. kroner. Dette er 3,4 mrd. kroner mindre enn løyvd.
Utgiftene for 1992 er 28,4 mrd. kroner større enn for 1991. Dette er ein auke på 6,7 % frå 1991.