Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.24 (1993-1994)
Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for budsjetterminen 1992.


oversikt første forrige neste

7.  UTGIFTER TIL INNVANDRARAR (flyktningar og asylsøkjarar)

       Til saman vart det rekneskapsførd utgifter for om lag 3 mrd. kroner i 1992 til tiltak for innvandrarar.

       Tabellen nedanfor viser fordelinga på dei einskilde departementa, og utviklinga dei tre siste åra:

  1990 1991 1992
Arbeids- og administrasjonsdepartementet 246 244 274
Sosialdepartementet 802 373 2
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 474 498 507
Justisdepartementet 93 101 110
Barne- og familiedepartementet   32 70
Kommunaldepartementet 1.259 1.731 2.044
Sum 2.874 2.979 3.007


       Tiltak for asylsøkjarar og flyktningar står for størsteparten av utgiftene som vart rekneskapsførte i statsrekneskapen for 1992 under dette området.

       Som tabellen ovanfor viser, har utgiftene knytta til tiltak for innvandrarar - i første rekkje flyktningar - vore relativt stabile dei siste åra. Frå 1990 til 1991 auka utgiftene med 3,7 %, medan rekneskapstala viser ein auke på 0,9 % frå 1991 til 1992.

       Frå 1991 til 1992 auka den delen av utgiftene som vart førte over Kommunaldepartementet sitt budsjett med om lag 310 mill. kroner eller rundt 18 %. Dette skuldast mellom anna at utgiftene til drift av mottaksapparatet for asylsøkjarar og flyktningar auka med nærare 30 % som følgje av den auka tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg i 1992 og mottaket av krigsflyktningar frå Bosnia i andre halvår.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon