|
Frå 1989 til 1992 har talet på sysselsette personar gått ned. I 1992 var gjennomsnittleg om lag 2.004 000 personar sysselsette. Samanlikna med tal for 1988 er det ein nedgang på 110.000 personar. Gjennomsnittleg gjekk talet på sysselsette ned med 6.000 personar frå 1991 til 1992. Alle næringsverksemder med unntak av offentleg og privat tenesteyting har synt ein nedgang i sysselsettinga.
Sysselsettingsnedgangen har synt ein klar auke i arbeidsløysa. Den registrerte arbeidsløysa auka med om lag 65.800 frå 1988 til 1992. I 1992 var gjennomsnittleg 114.000 personar registrert som arbeidslause. Dette synar ein auke på 13.600 i høve til i 1991.
Auken i arbeidsløysa har ført til ei opptrapping av arbeidsmarknadstiltaka. Saman med ein nedgang i arbeidsstyrken medverka dette til ein lågare vekst i arbeidsløysa enn det sysselsettingsutviklinga åleine skulle føre til. I 1992 var det gjennomsnittleg om lag 48.600 personar på arbeidsmarknadstiltak for vanleg arbeidskraft (omfattar ikkje attføringstiltak). Dette er ein auke på 3.600 personar frå året før.
Det vart oppretta 4.500 nye studieplassar i høgre utdanning frå hausten 1992 med finansiering over kap. 2310 Ekstraordinære sysselsettingstiltak, i tillegg til dei 5.000 nye studieplassane som låg inne på Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sitt ordinære budsjett.
Tabellen nedanfor syner samla
utbetaling til arbeidsmarknadstiltak og drift av arbeidsmarknadsetaten dei
siste fem åra.
| 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | |
| Rekneskap | 2.285 | 4.185 | 6.521 | 7.322 | 7.988 |
| Endring i % frå året før | -0,9 | 83,2 | 55,8 | 12,3 | 9,1 |
Dagpengar under arbeidsløyse vert postert under folketrygda (kap. 2541, post 70). Utgiftene under denne posten synte ein nedgang frå 1984 til 1986, og ein liten auke frå 1986 til 1987. Frå 1987 har ein hatt ein klar auke i utbetalingane til dagpengar. Den sterkaste auken hadde ein frå 1988 til 1989, då utbetalingane vart dobla. Utgiftsauken minka noko etter dette. I 1991 og 1992 auka utbetalingane til dagpengar med om lag 9 % og om lag 25 %.
Nedanfor er det gjeve ei nærare
oversyn over utgifter til arbeidsmarknadstiltak og dagpenger i 1992.
| Overf. | Sum | Sum | Overf. | |
|---|---|---|---|---|
| frå 1991 | løyving | rekneskap | til 1993 |
| Kap. 1542 | Arbeidsmarkedstiltak | 918,7 | 5.193,3 | ||
| Kap. 1543 | Arbeidsmarkedstiltak for | ||||
| yrkeshemma | 278,3 | 1.731,6 | 1.655,1 | 354,8 | |
| Kap. 2310 | Ekstraordinære | ||||
| sysselsettingstiltak | 1.117,4 | 5.219,0 | 1.607,8 | ||
| Kap. 2541 | Dagpengar | 10.700,0 | 10.586,9 |