Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.79 (1993-1994)
Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til å inngå avtale av 24. september 1991 mellom Noregs regjering på den eine sida og Grønlands Landsstyre og Danmarks regjering på den andre sida om gjensidig fiskerisamband.


oversikt første forrige neste

A. Samandrag

       Inngåing av ein avtale med Grønland vil sikre bevaring og rasjonell forvaltning av dei levande ressursane i norske og grønlandske farvatn. Avtalen er i tråd med Regjeringa sin politikk om å forhandle om gjensidige fiskerettar med andre statar der det er naturleg for å sikre ei rasjonell og bærekraftig utnytting av fiskeressursane og for å sikre interessene til dei norske fiskarane.

       Det vises til at Noreg i ei årrekkje har drive fiske utanfor Grønland, i hovudsak fiske etter reker og torsk, i tillegg til selfangst. Særleg for fiskarar i enkelte distrikt på Vestlandet er fisket i grønlandske farvatn av stort verd.

       I dei seinare åra har grønlandske trålarar fiska på uregulerte bestandar, hovudsakleg reker, i fiskevernsona ved Svalbard. Ukontrollert fiske utan kvote førte til forhandlingar mellom ein norsk og ein grønlandsk/dansk delegasjon. Eit norsk avtaleutkast som tok sikte på å regulere det gjensidige fiskerisambandet mellom Noreg og Grøndland/Danmark, låg til grunn for forhandlingar i København i juni 1991.

       Dei to delegasjonane klarte å bli samde om ein tekst som i hovudsak var i samsvar med det norske utkastet. Avtalen blei mellombels sett i verk frå og med 21. juni 1991.

       To grønlandske trålarar starta i juli 1991 med fiske på norsk-arktisk torsk i det såkalla « Smuttholet » i Barentshavet. Nye forhandlingar om fiskerisambandet mellom dei to landa blei haldne, og det nye avtaleutkastet vart mellombels sett i verk 24. september 1991. Det ukontrollerte grønlandske fisket blei då stansa.

       Hovudinnhaldet i avtalen er at kvar part forpliktar seg til å gje den andre parten løyve til å fiske innanfor sine eksklusive fiskerijurisdiksjonsområde. Denne retten er avgrensa til dei kvotane som kvar av partane fastset for den andre parten sitt fiske. Før ein fastset slike kvoter, skal ein halde konsultasjonar mellom partane.

       Fiskefarty frå det eine landet skal under fiske i det andre landet sitt område overholde kyststaten sine nasjonale lover og forskrifter om omsyn til fiske.

       Proposisjonen inneheld ein gjennomgang av dei einskilde artiklane i avtalen.

       Spørsmålet om inngåing av avtalen har vore førelagt Fiskeridepartementet, som anbefaler slik inngåing.

       Den norske avtaleteksten følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.

B. Komiteens merknader


oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon