Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.13 (1994-1995)
Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til ratifikasjon av en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Republikken Senegal til unngåelse av dobbeltbeskatning og gjennomføring av gjensidig administrativ bistand med hensyn til skatter av inntekt, undertegnet i Dakar den 4. juli 1994.


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, frå Venstre, Lars Sponheim, frå Raud Valallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, har merka seg at den avtalen som ligg føre, i store trekk byggjer på det mønsteret for bilaterale avtalar som blei utarbeidd av OECD i 1963 og seinare revidert i 1977 og 1992.

       Komiteen viser vidare til at på grunn av dei store ulikskapane i økonomiane til Noreg og Senegal, er det også tatt omsyn til det mønsterutkastet som er utvikla i FN når det gjeld skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Komiteen sluttar seg til avtalen slik den ligg føre.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon