Innst.S.nr.16 (1994-1995)
Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda
for 1993.
19. Garantiar
Garantiane hadde ved utgangen av 1993
ei samla ramme på 122,8 mrd. kroner og eit samla ansvar på 96,0 mrd. kroner.
Samla utbetalingar var på 642,7 mill. kroner i 1993.
Dei største utbetalingane har skjedd
under Garanti-instituttet for Eksportkreditt (GIEK). Ein del av beløpa er
alt tilbakebetalte, eller vert tilbakebetalte seinare som følgje av krav mot
andre statar.
Det var ikkje erstatningsutbetalingar
under garantiordninga for langtidsfinansiering av skip og boreriggar i
1993.20. Offentlege fondRekneskapen for 1993 omfattar 105 fond, mot 107 i
1992.
Det har i 1993 kome to nye fond:
Med rekneskapen for 1993 fell desse
fonda bort:
| - | Anleggsfondenes
fellesfond |
| - | Hvalfangstbedriftenes
sikringsfond |
| - | Reguleringsfondet
for Pålsbufjord |
| - | Vassdragsfondet
for Rødungen |
Fonda har i 1993 hatt ei samla inntekt
på 28.464 mill. kroner og ei samla utgift på 28.532 mill. kroner. Det gjev
eit samla driftsunderskott på 68 mill. kroner.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon