|
I St.prp. nr. 1 (1993-1994) Finans- og tolldepartementet, vedtak IV, punkt 2, er det ved ein inkurie ført opp ei garantiramme på 28 mill. kroner. Det korrekte skal vere at det samla ansvaret for lån som Noregs kommunalbank har teke opp, ikkje må overstige 28.000 mill. kroner. I tabelloppstillinga over garantiordningar på side 19 og i tekstomtalen på side 20, er korrekt garantiramme oppgjeven.
På bakgrunn av dette blir det gjort
framlegg om nytt vedtak om at statens samla ansvar for statsgaranti for lån
som Noregs kommunalbank har teke opp, ikkje må overstige 28.000 mill.
kroner.
Komiteen sluttar seg til framlegget.