Innst.S.nr.48 (1994-1995)
Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen
sin merknad til Utanriksdepartementet vedkomande forvalting av bilateral
stønad til Pakistan og Sri Lanka.
1. Forvalting av bilateral stønad til Pakistan
Det er utarbeidd ein eigen rapport om
ettersyn ved den stadlege representasjonen i Islamabad. Denne er det svara
på av NORAD på ein tilfredsstillande måte, og denne delen av undersøkinga
reknar ein for avslutta.
Ifylgje NORAD sitt
prosjekteringssystem PLAN II stør Noreg 6 prosjekt/program innanfor
landprogrammet for Pakistan. Desse tiltaka har eit budsjettert beløp på til
saman om lag 180 mill. kroner og fram til 31. desember 1992 vart det nytta
om lag 53 mill. kroner. Riksrevisjonen har i rapporten gjennomgått tiltak
som er knytta til fylgjande prosjekt: elektrifisering av landsbygda,
etterutdanning av grunnskulelærarar, Sindh grunnskuleutviklingsprogram,
styrking av læremiddelproduksjon og repatriering av flyktningar.
I Riksrevisjonen sin rapport om NORAD
er det gjort nokre generelle merknader:
| - | Tiltaka,
slik dei er gjort greie for i dokumentasjonen, er i tråd med Stortinget sitt
vedtak om mål for stønaden generelt, og for Pakistan spesielt. |
| - | NORAD
sitt personell synest å yte ein god innsats for at tiltaka skal bli vellukka,
men i nokre tilfelle inneber dette at NORAD overtek oppgåver som etter avtalen
er ansvaret til mottakarlandet. |
| - | Kontrollen
med dei tiltaka som er igjen er mangelfullt dokumentert. Det framgår ikkje korleis
rapportar om framdrift, rekneskap og budsjett er handsama i direktoratet og ved
den stadlege representasjonen i Islamabad. |
| - | Framdriftsdelen
i prosjektstyringssystemet PLAN II er mangelfullt utfylt for dei tiltaka som
vart gjennomgått. Dette trass i at det ligg føre klår instruks på området. Det
er difor ikkje mogleg via PLAN II-systemet å kontrollere om NORAD har motteke
alle rapportar som er kravde og om det er purra dersom det ikkje er motteke rapport.
|
| - | NORAD
skal i medhald av dei bilaterale avtalane rapportere om utgifter som dei har
dekt direkte. For fleire tiltak er dette ikkje gjort, og Pakistan har av den
grunn ikkje mottatt tilstrekkjeleg grunnlag for å kunne utarbeide fullstendige
rekneskapar. Dette tilhøvet er ifylgje svar frå NORAD no ordna. |
| - | I
dag signerer riksrevisjonen i Pakistan på rekneskapsutskrifter for tiltak stødde
av Noreg. Det vert ikkje skrive ut eigne revisjonsmeldingar for slike tiltak,
men det er opplyst at dette kan gjerast dersom det vert sett fram krav om det.
Dersom påteikningar på rekneskapen skal godtakast som tilstrekkjeleg kontroll
i framtida bør desse tydeleg gi uttrykk for at rekneskapen er revidert av den
pakistanske riksrevisjonen, og med kva fullmakt påteikninga er gjort. |
| - | Rekneskapsrapportar
om tiltaka har ofte ei anna oppstilling enn budsjetta. Det er frå NORAD si side
ikkje stilt formelle krav til korleis rekneskapar og budsjett samt framdriftsplanar
og rapportar skal utarbeidast. Dette er ein veikskap som kan ha konsekvensar
for styring og kontroll av tiltaka. |
| - | NORAD
har opplyst at når utviklingstiltaka er finansierte i fellesskap av Pakistan
og eitt eller fleire land skal totalutgiftene til tiltaket vere tekne med i det
pakistanske budsjettet for å vise korleis finansieringa er delt på Pakistan og
donorar. Av den pakistanske statsrekneskapen gjekk det ikkje fram slik oppdeling.
Tiltak der Noreg er einaste gjevar kjem heller ikkje fram i denne rekneskapen.
|
Når det gjeld einskildtiltak har NORAD
opplyst at det ikkje vert ført tilbodsprotokoll for inngåtte avtalar med
leverandørar og konsulentar, noko som er i strid med staten sitt regelverk.
Retningsliner for prosjektevaluering
er ikkje avtala, men NORAD har opplyst at partane vil bli samde om dette
punktet seinare. Riksrevisjonen vurderer det også som viktig at NORAD
brukar innsynsretten når det gjeld kontroll av systema til konsulentane for
fakturering av utgiftsregistrering. NORAD har vidare opplyst at krav til
dokumentasjon av framdrift og dei utgiftene som er komne i tillegg under dei
einskilde prosjekta er det gjeve avkall på andsynes konsulentane.
Riksrevisjonen meiner dette er uheldig og har peika på at konsulentane skal
dokumentere framdrift og tillagde kostnader/utgifter i samband med
framdriftsbetaling.
Når det gjeld undervisningsprosjekta i
Pakistan, har Riksrevisjonen peika på at dei inngåtte konsulentavtalane er
mangelfulle på fleire punkt, m.a. at avtalane bør innehalde føresegner om
maksimalt timetal og maksimal pris. Det synest uheldig at det er inngått
ein felles avtale for konsulentstønad til fleire uavhengige tiltak. Det er
ikkje avtalt at prosjekta skal attestere fakturaene frå konsulentfirmaet,
betalingstidspunkt eller konsekvensar av mishald.
NORAD er samd i at konsulentavtalen er
mangelfull på fleire punkt. Avtalen gjekk ut i 1993 og Riksrevisjonen sine
merknader vil bli teke omsyn til under ei eventuell reforhandling.
NORAD har vidare nokre generelle
merknader til konklusjonen i rapporten:
| « NORAD
har arbeidet med omleggingen av det praktiske bistandssamarbeidet både som en
følge av den nye strategien og på bakgrunn av organisasjonens generelle erfaringer
i økende grad erkjent betydningen av ytterligere å profesjonalisere organisasjonen
som forvaltningsorgan. For framtiden vil det være helt sentralt å kunne dokumentere
resultater av bistandssamarbeidet og å videreutvikle en effektiv forvaltning
av bistandsmidlene. Dette er nødvendig for å kunne vise resultat av utviklingsbistanden
og å skape tillit og støtte for bistand i offentligheten og hos myndigheter. »
|
Det er i denne samanheng vist til at
det vert arbeidd m.a. med ei betring av avgjerdsunderlaget for dei einskilde
stønadstiltaka og -programma med auka vekt på å klårgjere målsettingar og
resultat. Det vert arbeidd vidare med ei utvikling av avtalane med
samarbeidspartnarar til i større grad å bli forvaltingsmessige og
forretningsmessige styringsverkty, medrekna klargjering av rammene for
samarbeidet, målsettinga med innsatsen, resultat som ein skal nå opp til og
rollefordelinga mellom partane. Direktoratet arbeider også med å utvikle og
å gjere NORAD sitt samla stystem for økonomistyring betre, NORAD sin
kompetanse med omsyn til kunnskap om forvaltingssystema i mottakarlanda, i
tillegg til at ein arbeider for ei klårare ansvarleggjering i NORAD ved at
ansvaret for prosjekta skal leggjast til klåre definerte organisasjonsledd
og at ein intensiverer opplæringa av personellet i etaten.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon