|
På statsbudsjettet 1994 ser det ut til å bli mindreinntekter på kap. 4320 Vegadministrasjon, post 2 Diverse gebyr og post 4 Kontrollgebyr, med høvevis 20,4 mill. kroner og 24,3 mill. kroner.
Mindreinntektene har si årsak i at nye ordningar er/blir iverksett seinare enn planlagt.
Departementet foreslår at
mindreinntekter m.a. blir dekka opp ved å redusere kap. 1320
Vegadministrasjon, post 01 Løn og godtgjerdsle, med 24,3 mill. kroner og
kap. 1323 Drift av statens vegar m.v., post 23 Vedlikehald og drift, med 20
mill. kroner.
Myrlandshaugen ferjeleie i Troms
Departementet orienterer om at det i
St.prp. nr. 1 (1993-1994) er ein føresetnad at Myrlandshaugen ferjeleie blir
lagt ned som ordinært ferjeleie (i riksvegferjesambandet
Hamnvik-Sørvik-Myrlandshaugen) samtidig med opninga av Mjøsundbrua hausten
1994 og at ferjerutene sluttar. No vil Vegdirektoratet at ferjeleiet blir
halde ope med to daglege ferjestopp også i tida etter bruopninga 8. oktober
1994 og fram til 30. april 1995, for at politietaten skal få noko lengre tid
til betre tilpassing av tenesta i området. Departementet har ikke nokon
merknader til dette.
Komiteen har ingen merknader.