Innst.S.nr.63 (1994-1995)
Innstilling frå samferdselskomiteen om losgebyr og losplikt og om
geografisk verkeområde for reglar om plikt til å nytte los og om farleibevis.
Om geografisk verkeområde for bruk av los
Departementet meiner som hovudregel at
kravet om å nytte los eller farleibevis skal gjelde ved seglas innafor
grunnlina med unntak av dei ytste og midtre delane av Varangerfjorden i
Finnmark, og Vestfjorden i Nordland.
På nokre strekningar kan det
etablerast seglingskorridorar for fartya inn til bordingsfelt for los i
skjerma farvatn.
Departementet går inn for at det blir
oppretta slik korridor på følgjande stader:
| - | Oslofjorden
- korridor for fri seglas inn til losbordingsfelta ved Store Færder og Vidgrunna
|
| - | Grenlandsområdet
- korridor for fri seglas inn til losbordingsfeltet på Langesundbukta |
| - | Sunnmøre
- korridor for fri seglas inn til losbordingsfeltet i Breisundet |
| - | Troms
- korridor for fri seglas inn til losbordingsfeltet i Fugløyfjorden |
| - | Finnmark
- korridor for fri seglas inn til losbordingsfelta i Akkarfjordnæringa (Hammerfest),
Sværholthavet (Honningsvåg) og i Båtsfjorden. |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon