Innst.S.nr.63 (1994-1995)
Innstilling frå samferdselskomiteen om losgebyr og losplikt og om
geografisk verkeområde for reglar om plikt til å nytte los og om farleibevis.
Samandrag av forslag frå departementet
Fiskeridepartementet ser det som
ønskjeleg og realistisk å setje dei nye føresegnene i verk frå og med 1.
januar 1995, men det vil ta noko tid før alle ordningane tek til å verke
slik dei er meint å gjere.
Forslaget frå departementet om reglar
for bruk av los, for farleibevis og for losbetaling som er lagt fram i dei
to meldingane, vil samla sett sjå slik ut:
| - | Lospliktig
farvatn innafor grunnlina med dei unntaka som er nemnde i kapittel 3 i St.meld. nr. 11.
|
| - | Sivile
farty på 500 BT eller meir i utanriks fart er lospliktige. Dette vil seie at
dei anten må nytte los eller ha navigatør med farleibevis for å segle i lospliktig
farvatn. |
| - | Farty
som har farleg og/eller forureinande last, utan omsyn til fartsområde, skal som
hovudregel nytte los dersom dei er på 300 BT eller meir og har dobbel botn eller
100 BT eller meir med enkelt botn. |
| - | Farty
som har særs farleg eller forureinande last skal nytte los utan omsyn til storleiken
på fartyet og utan omsyn til fartsområde. |
| - | Alle
lospliktige farty skal betale losberedskapsgebyr når dei seglar innafor grunnlina.
|
| - | Farty
som nyttar los, skal betale losberedskapsgebyr og losingsgebyr utan omsyn til
kva farvatn dei seglar i. |
| - | Farty
som er pliktige til å betale losberedskapsgebyr, kan gjere dette gjennom ei årsavgift
utan omsyn til storleiken på fartyet. |
| - | Kystverket
kan gi dispensasjon frå kravet om å nytte los for einskilde seglingar dersom
det ikkje går utover tryggleiken, til dømes når det er mangel på losar. Fullmakt
til å gi dispensasjonar vil bli lagt til losoldermennene. |
| - | Det
lyt skipast til overgangsordningar den første tida. |
| - | Ressursramma
for lostenesta blir halde omlag uendra dei neste to åra til ordningane har gått
seg til. Departementet vil gi ei evaluering av lospliktreglane og røynslene med
dei i budsjettproposisjonen for 1998. |
All innanriks fart, slik som
riksvegferjer, snøggbåtar, lokalruter og kystgodsbåtar fell utanom kravet
til bruk av los eller farleibevis. Det samme gjeld fiskefarty med fast hamn
i Noreg. Desse gruppene blir berre pliktige til å betale losberedskapsgebyr
dersom dei nyttar los.
Orlogsfarty, farty som deltar i
militære øvingar og andre farty som norske militære styresmakter har
kontrahert og driv, fell óg utanom kravet om å nytte los.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon