|
NN, født 1976, har søkt om
rettferdsvederlag på grunnlag av at ho fekk ein hjerneskade ved fødselen og
har utvikla omfattande cerebral skade og epilepsi. Helsedirektoratet legg
til grunn at det er svært truleg at skadene kunne vore unngått dersom
forløysinga hadde funne stad raskt. Direktoratet peikar på at sjukehuset
har ansvar for å etablera medisinskfagleg forsvarleg drift av sjukehuset, og
at dette ansvaret ikkje vart fylgt opp på det aktuelle tidspunktet.
Direktoratet føreslo vederlag innvilga med 400.000 kroner.
Justisdepartementet meiner at vederlaget bør setjast til 250.000 kroner
etter samanlikning med praksis i andre saker. Billighetserstatningsutvalget
sluttar seg til Justisdepartementet si tilråding. Departementet fremmar
etter dette forslag om vederlag på 250.000 kroner.
Komiteen tilrår at vederlag vert innvilga med 250.000 kroner.