Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.126 (1994-1995)
Innstilling frå samferdselskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Magnus Stangeland om at Postverket sine planar om nedlegging av postkontor vert stansa inntil det er utarbeidd ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet der kommunane får ein avgjerande medverknad.


oversikt første forrige neste

FORSLAG FRÅ MINDRETAL

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti:

1.

       Stortinget ber Regjeringa utarbeide ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet, der det vert trekt opp nasjonale kriterier for å sikre ein likeverdig postservice i alle delar av landet, og der kommunane får ein større innverknad på korleis postservicen skal vera i den enkelte kommune.

2.

       Stortinget ber Regjeringa instruere Postverket om å vere ytterst varsam med å leggje ned postkontor inntil ein slik plan er handsama av Stortinget.

3.

       Stortinget ber Regjeringa utarbeide eit regelverk der Regjeringa ved Samferdselsdepartementet er ankeinstans.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon