Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.144 (1994-1995)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Øystein Djupedal og Børre Rønningen om utanlandsstudentar frå utviklingsland og Aust-Europa.


oversikt første forrige neste

KOMITEENS TILRÅDING

       Komiteen viser til merknadene og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Stortinget ber Regjeringa fylgje opp at også profesjonsutdanning kjem inn under kvoteprogrammet og at det blir etablert ei ordning med utdanningsstøtte til innføringskurs i norsk.

II.

       Stortinget ber Regjeringa auke kvota for studentar frå austeuropeiske land til 300.

III.

       Regjeringa blir oppmoda om å utarbeide regelverk og etablere ei ordning slik at u-landstudentar kan fullføre sine studier utan å kome i konflikt med reglane for opphaldsløyve.

IV.

       Regjeringa blir oppmoda til å vurdere tilbod om reisestipend i og etter studietida for at utanlandsstudentar lettare skal kunne halde kontakt med heimlandet og vende tilbake etter avslutta studier.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 9. mai 1995.

Jon Lilletun, Jørgen Holte, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon