Innst.S.nr.148 (1994-1995)
Innstilling frå familie-, kultur og administrasjonskomiteen om
endringar av medlemskap i Statens pensjonskasse.
KOMITEENS TILRÅDING
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
A. Innlemming av nye stillingar i Statens pensjonskasse
I.
Dei stillingane som er nemnde
nedanfor, går inn under føresegnene i lov av 28. juli 1949 om Statens
pensjonskasse frå dei tidspunkta som er gitt for kvar innlemming. Vedtaket
gjeld alle stillingar i den nemnde verksemda, dersom ikke anna er sagt.
| 1. | Fylkesledda
i Vaksenopplæringsforbundet blir innlemma med verknad frå 1. september 1992.
|
| 2. | Stiftelsen
for helsetjenesteforskning ved Sentralsykehuset i Akershus blir innlemma med
verknad frå 1. juni 1992. |
| 3. | Stiftelsen
Universitetsstudiene på Svalbard (UNIS) blir innlemma med verknad frå 1. januar
1994. |
| 4. | Noregs
Kristelege Student- og Skuleungdomslag (NKSS) blir innlemma med verknad frå 1.
oktober 1991. |
| 5. | Forskningsstiftelsen
Step-gruppen blir innlemma med verknad frå 1. april 1994. |
| 6. | Rådet
for psykisk helse blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
| 7. | Stiftelsen
Senter for høyere studier blir innlemma med verknad frå 1. mai 1992. |
| 8. | NSB
Gardermobanen A/S blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
| 9. | Oslo
Hovedflyplass A/S blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
| 10. | Nord-Norsk
pensjonistskole blir innlemma med verknad frå 1. januar 1992. |
| 11. | Norsk
Folkehjelp blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
| 12. | Stiftelsen
Sosial Trygd blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993. |
| 13. | Egede
Instituttet blir innlemma med verknad frå 1. august 1992. |
| 14. | Statkraft
SF og Statnett SF har rett til å vidareføre medlemskapen sin etter omorganiseringa
1. januar 1992. |
| 15. | Statkraft
Engineering A/S og Statkraft Anlegg A/S blir innlemma med verknad frå 1. juli
1993. |
| 16. | H.M
Kongens teneste blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
| 17. | Stiftelsen
Kirkeforskning (KIFO) blir innlemma med verknad frå 1. april 1994. |
| 18. | a)
Statskog SF blir innlemma med verknad frå 1. januar 1993 og b) Statskog SF -
skogsarbeidarar blir innlemma med verknad frå 1. januar 1994. |
| 19. | Stiftinga
Unifor ved Universitetet i Oslo blir innlemma med verknad frå 1. oktober 1993.
|
| 20. | Institusjonar
tilknytte Norsk Medisinaldepot blir innlemma med verknad frå 1. juli 1994.21.
Akva Gen AS blir innlemma med verknad frå 1. januar 1995.
|
II.
Innlemmingsvedtaket gjeld tenestemenn
som er tilsette:
| a) | etter
innlemmingstidspunktet |
| b) | før
innlemmingstidspunktet som anten har sagt seg villige til å bli medlem av Statens
pensjonskasse, eller som innan tre månader etter at vedkomande er gjord kjend
med at han/ho har fått rett til medlemskap i Statens pensjonskasse, seier seg
villig til å bli medlem. |
B. Endringar i tidlegare vedtak om innlemming av stillingar i Statens
pensjonskasse
| 1. | Tilsette
ved Musikkselskabet Harmonien frå 1. januar 1991. |
| 2. | Tilsette
ved Filharmonien frå 1. januar 1991. |
| 3. | Tilsette
ved Nordisk Språksekretariat frå 1. januar 1990. |
| 4. | Tilsette
ved Rudolf Steinerskolen i Vestfold, vidaregåande steg, frå 1. januar 1992. |
| 5. | Tilsette
ved Norsk Reknesentral frå 1. mars 1993. |
| 6. | Tilsette
ved Jordforsk frå 1. april 1992. |
| 7. | Tilsette
ved Statnett SF frå 1. februar 1993. |
C. Medrekning av tidlegare tenestetid
H.M Kongens teneste
I medhald av lov av 28. juli 1949 om
Statens pensjonskasse, § 20, 3. ledd, fastsetjer ein slike reglar om
medrekning av tenestetid for arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste:
| 1. | Arbeidstakarar,
som no blir medlem av Statens pensjonskasse, får rekna med som tenestetid i Statens
pensjonskasse, si tidlegare teneste ved H.M Kongens teneste. |
| Går
arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste over frå deltidsstilling til større deltidsstilling,
eller til full stilling ved overgang til medlemskapen i Statens pensjonskasse,
kan pensjonsgrunnlaget reduserast i høve til arbeidstida, etter reglane i pensjonslova,
§ 15. |
| 2. | Medrekninga
fører til at arbeidstakarar ved H.M Kongens teneste, i høve til reglane i pensjonslova,
blir rekna som om han/ho hadde vore medlem av Statens pensjonskasse i vedkomande
periode, når det gjeld regelen om opptak, utrekning av pensjonen, med vidare.
|
| 3. | Administrasjonsdepartementet
kan i nødvendig utstrekning gi utfyllande reglar for gjennomføring av ordninga
foran.
|
| Oslo, i familie-, kultur-
og administrasjonskomiteen, den 11. mai 1995.
|
| Grethe G Fossum, | Arne
Haukvik, | Eli Sollied
Øveraas, |
| leiar. |
ordførar. | sekretær. |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon