|
Samferdselsdepartementet foreslår nokre mindre budsjettendringar av meir teknisk art i samband med opningsbalansen for Telenor AS.
Justeringar når det gjeld effekt av
forkorta ferieår 1988 og etterrekningsavtalen med Tele-mobil AS, fører til
at eigedelar og gjeld i opningsbalansen bør auke med i alt 7,5 mill. kroner.
Departementet foreslår at dette blir gjort ved å auke fordringane og den
langsiktige gjelda til staten. Dette inneber større nedbetaling i 1995,
tilsvarande auken i gjelda på 7,5 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader.