Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.179 (1994-1995)
Innstilling frå samferdselskomiteen om ein del løyvingsendringar m.v. på Samferdselsdepartementets område.


oversikt første" forrige

7. KOMITEENS TILRÅDING

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       I statsbudsjettet for 1995 vert det gjort følgjande endringar:

I.
Utgifter:

Kap. 1322

Statens veganlegg (jf. kap 4322:
30Riksveganlegg, kan overførast,
blir redusert med kr 88.600.000

Kap. 1350

Statsbananes køyreveg (jf. kap. 4350):
23Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast
under post 30, blir auka med kr 18.000.000
30Investeringar i lina, kan overførast, blir auka
med kr 92.000.000

Kap. 2450

Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603):
24Driftsresultat:
  Driftsinntekter kr -2.373.500.000
  Inntekter ikkje-statlege
  flyplassar kr -53.300.000
  Frå reguleringsfondet kr -77.500.000
  Driftsutgifter,
  overslagsløyving kr 1.213.200.000
  Avskrivningar kr 380.000.000
  Renter av statens kapital kr 57.200.000
  Kostnader ikkje-statlege
  flyplassar kr 49.000.000
  Til investeringsformål kr 783.900.000 kr -21.000.000
30Flyplassanlegg, kan overførast, blir auka
med kr 62.900.000

Kap. 1390

(ny) Etablering av Telenor AS (jf. kap. 4390):
91Langsiktig lån, blir løyvd med kr 7.500.000

Inntekter:

Kap. 5450

Luftfartsverket (jf. kap. 2450):
35Til investeringsformål (overført frå kap. 2450,
post 24 Driftsresultat), blir auka med kr 62.900.000

Kap. 4350

Statsbananes køyreveg (jf. kap. 1350 og 1351):
04(ny) Leigeinntekter, blir løyvd med kr 110.000.000

Kap. 4390

(ny)  Avslutning av forvaltningsbedriften Televerket
(jf. kap. 1390):
91Overdraging av eigedelar, blir løyvd med kr 7.500.000

Kap. 5623

(ny) Aksjar i Det Norske Luftfartsselskap A/S:
80Utbytte, blir løyvd med kr 44.036.000

II.

       Stortinget samtykkjer i at Hasvik kommune kan forskottere inntil 5 mill. kroner til asfaltering av rullebana ved Hasvik lufthavn, mot refusjon, utan renter, i 1996.

III.

       Stortinget samtykkjer i at Hitra Frøya Fastlandssamband AS kan forskottere staten sin del i prosjektet Hitra - Frøya, mot refusjon, utan renter, i perioden 1998-2000.

IV.

       Stortinget samtykkjer i at Postverket kan i 1995, utan framlegg for Stortinget, dersom det kan dekkjast av reguleringsfondet:

a)fråvike sitt driftsbudsjett
b)fråvike sitt investeringsbudsjett med inntil 50 mill. kroner.

V.

       Stortinget tek stilling til utgreiing av Hadselfjordtunnelen når saka er politisk handsama i Nordland fylkeskommune.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 1. juni 1995.

Magnus Stangeland, Solveig Torsvik,
leiar og ordførar. sekretær.


oversikt første" forrige


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon