| 2. | Departementet
viser til grunngjevinga i St.prp. nr. 54. Det er usikkert om når, og om mogleg
kor lenge, Bragefeltet vil produsera i overkant av 100.000 fat pr dag. Ikkje
minst er det uklart om det er kapasitet i Oseberg transportsystem (OTS). Dersom
styresmaktene skulle krevja glideskala ved eit produksjonsnivå på meir enn 100.000
fat pr dag, ville oljeselskapa kunne få eit økonomisk tap. Frå samfunnet si side
vil det på andre sida vere ønskjeleg at den samfunnsøkonomiske gevinst ved ein
noko høgare produksjon vert realisert. Ein gevinst på i storleik 100 mill kr
kan vere mogeleg, avhengig av mellom anna kapasiteten i OTS og produksjonseigenskapane
i Bragereservoaret. For å stimulera eigarane i feltet til å syta for dette, har
departementet i denne saka funne det riktig ikkje å setja fram krav om auke i
staten sin eigendel i feltet. |