Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.204 (1994-1995)
Innstilling frå finanskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Carl I Hagen og Øystein Hedstrøm om å erstatte « delingsmodellen » med ein « uttaksmodell » i skattlegginga av føretak i samband med evalueringa av skattereforma.


oversikt første forrige neste

(* Innledning *)

       Til Stortinget.

       Stortingsrepresentantane Carl I Hagen og Øystein Hedstrøm har den 26. oktober 1994 sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å erstatte den såkalte « delingsmodellen » med et system basert på « uttaksmodellen ». »

       Forslaget om ein uttaksmodell byggjer på at ein i skattlegginga skal gå tilbake til å skilje mellom bedriftsinntekt og personinntekt. Dette bør gjerast ved å reindyrke skattlegginga av føretak slik at ein i personleg eigde føretak, kan innføre eit skilje mellom den delen av overskotet som vert halde attende i føretaket og den delen som vert teke ut av eigaren til privat forbruk eller investering i andre verksemder. Den delen av skattereforma av 1992 som inneber ei senking av skattesatsane mot at ordningar for frådrag og avsetningar er oppheva eller reduserte, bør i hovudsak oppretthaldast. Det vert peikt på at eit skattesystem bygd på uttaksmodellen vil vere klart enklare å administrere både for skatteetaten og for skattytaren.

       Forslaget er m.a. grunngjeve med:

-Delingsmodellen inneber at kapitalinntekta, også kalla alminneleg inntekt, vert fastsett prinsipielt forskjellig i funksjonær- og eigarleidde verksemder. Skilnaden i handsaminga av funksjonær- og eigarleidde verksemder skapar manglande nøytralitet i skattesystemet.
-Prosentsatsen som vert nytta ved fastsetjing av kapitalinntekta i eigarleidde verksemder, er lik for alle typar verksemder. Ved fastsetjing av kapitalinntekta vert det derfor ikkje teke omsyn til at risikofylte bransjar og føretak krev høgare kapitalavkastning enn mindre risikofylte bransjar og føretak. Dette gjev manglande nøytralitet mellom føretak med ulik risikoprofil, noko som særleg går ut over nye føretak og i særleg grad dei som er etablerte for å utvikle nye produkt eller nytte ny teknologi.
-Aktive eigarar vert skattlagde med progressive skattesatsar også for den delen av driftsoverskotet som dei let bli ståande i verksemda. Dette har redusert høvet til å byggje opp eigenkapital gjennom å føre overskot tilbake til føretaket.
-Skilnaden mellom satsen for skattlegging av kapitalinntekter og arbeidsinntekter har skapt eit politisk press for å heve skattesatsane på formue.
-For å unngå dei negative konsekvensane av delingsmodellen må aktive bedriftseigarar finne fram til passive medeigarar med minst 1/3 eigarskap i føretaket. Dette medverkar til å redusere det som er noko av styrken i eigarleidde føretak, nemleg det nære bandet mellom eigarane og alle dei andre som arbeider i føretaket, i tillegg til den sterke personlege motivasjonen som ligg i å drive føretaket godt.


oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon