|
For SDØE blir det fastsett eit
driftsresultat som inkluderer avskrivingar og kalkulatoriske renter på
staten sin faste kapital.
Tabell 11. Løyvingsrekneskap for SDØE (i mill. kroner):
| 1993 | 1994 | |
| Inntekter | -36.824 | -39.025 |
| Utgifter | 28.753 | 30.079 |
| Driftsresultat | -8.071 | -8.946 |
| Investeringar | 23.943 | 26.530 |
| Overføring til Statens | ||
| petroleumsforsikringsfond | 736 | 858 |
| Sum utgifter (kap. 2440) | 16.608 | 18.442 |
Driftsresultatet er auka med 875 mill. kroner frå 1993 til 1994 og har hovudsakleg bakgrunn i følgjande forhold:
| - | Oljeproduksjonen er auka med 7 mill. m3, frå 41,2 mill. m3 i 1993 til 48,2 mill. m3 i 1994. Høgare driftsinntekter som følgje av høgare produksjon blir motverka av lågare oljepris. Gjennomsnittsprisen for olje er redusert frå om lag 121 kroner i 1993 til om lag 111 kroner i 1994. Totalverknaden vart ein auke i driftsinntektene frå 1993 til 1994 på nesten 2,2 mrd. kroner. |
| - | Drift-, leite- og feltutviklingsutgiftene er til saman redusert med 674 mill. kroner frå 1993 til 1994 til tross for ein auking i produksjon. Dette har hovudsakleg samanheng med reduserte kostnader ved drift av felt. |
| - | Avskrivingar og kalkulatoriske renter er til saman auka med 2 mrd. kroner frå 1993 til 1994. Dette har mellom anna samanheng med ein auke i staten sin faste kapital i petroleumsverksemda som følgje av eit høgt statleg investeringsnivå i 1994. |
Store investeringar blir årleg
kanalisert gjennom SDØE. I 1994 vart om lag 26,5 mrd. kroner investert
gjennom SDØE. Det er ein auke på 2,6 mrd. kroner samanlikna med 1993. Dette
investeringsnivået utgjer om lag halvparten av dei totale investeringane på
norsk kontinentalsokkel i 1994. Investeringane med frådrag for avskrivingar
blir aktivert i kapitalrekneskapen.
Tabell 12. Kapitalrekneskap for SDØE pr. 31. desember (i mill. kroner):
| 1993 | 1994 | |
| Mellomverande med staten | ||
| pr. 31. desember | 598 | -415 |
| Anleggskapital pr. 31. | 84 | 102 |
| desember | 590 | 450 |
| Sum eigedelar | 85.188 | 102.035 |
Totalrentabiliteten kan vere eit
formålstenleg mål for å vise avkastinga i eit enkelt år av dei
investeringane som er gjort innanfor SDØE. Totalrentabiliteten er definert
som:
Driftsoverskot + renter - overføring til petroleumsforsikringsfondet
| ------------------------------ |
| Gjennomsnittleg anleggskapital
|
Totalrentabiliteten var 19,1 % i 1994 mot 20,7 % i 1993. Dette viser at staten har hatt ei avkasting på sine direkte investeringar i petroleumsverksemda som ligg vesentleg over staten sitt normalavkastingskrav.
Staten sin samla kontantstraum frå
petroleumsverksemda er sett saman av netto kontantstraum frå SDØE, utbytte
frå Statoil og betalte skattar og avgifter på utvinning av petroleum.
Tabell 13. Kontantstraum frå petroleumsverksemda (i mill. kroner):
| 1993 | 1994 | |
| Netto kontantstraum frå SDØE | 158 | 58.013 |
| Skatt og avgift på utvinning av petroleum | 26.615 | 24.496 |
| Utbytte frå Statoil | 1.250 | 1.075 |
| Sum kontantstraum frå petroleumsverksemda | 28.023 | 25.576 |
Den samla kontantstraumen frå petroleumsverksemda på 25.576 mill. kroner vert ført til utgift i statsrekneskapen på kap. 2800 Statens petroleumsfond. Overføringa frå Statens petroleumsfond som blir ført til inntekt i statsrekneskapen (kap. 5800) gjev uttrykk for kor mykje av petroleumsinntektene som har vorte nytta i 1994. Heile overføringa for 1994 på 25.576 mill. kroner er nytta i 1994.