Innst.S.nr.25 (1995-1996)
Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda
for 1994.
16. BUDSJETTBALANSE OG BUDSJETTAVVIK
Oppstillinga under viser hovudtala for
budsjett og rekneskap i 1994 (i mill. kroner):
Tabell 16. Avvik mellom budsjett og rekneskap
| | |
S. III | Nysaldert |
Avvik | Rekneskap |
Avvik |
| | |
1 | budsjett |
3=2-1 | 4 |
5=4-2 |
| | | |
2 |
| a. |
Underskot før lånetransaksjonar |
| |
ekskl. petroleumsverksemd og |
| |
oljeskattar | 70.409 |
56.495 | -13.914 |
54.499 | -1.996 |
| b. |
Nettoinntekt av |
| |
petroleumsverksemd og |
| |
oljeskattar | 27.795 |
26.027 | -1.768 |
25.576 | -451 |
| c. |
Underskot før lånetransaksjonar |
42.614 | 30.468 |
-12.146 | 28.923 |
-7.545 |
| d. |
Utlån og avdrag, netto | 17.853 |
4.295 |
-13.558 | 3.661 |
-634 |
| e. |
Finansieringsbehov | 60.467 |
34.763 |
-5.704 | 32.584 |
-2.179 |
16.1 Endringar frå S III til nysaldert budsjett
Ved nysalderinga av budsjettet for
1994 vart utgiftene før lånetransaksjonar ekskl. petroleumsverksemd
nedjusterte med 3.346 mill. kroner medan inntektene auka med 10.568 mill.
kroner samanlikna med vedtatt budsjett (B.innst.S.nr.III). Nettoinntektene
frå petroleumsverksemd og oljeskattar gjekk ned med 1.768 mill. kroner, slik
at underskotet før lånetransaksjonar samla gjekk ned med 12.146 mill.
kroner.
Anslaget på samla finansieringsbehov -
som utgjorde 60.467 mill. kroner i B.innst.S.nr.II - vart redusert med
25.704 mill. kroner til 34.763 mill. kroner. Dette skuldast dels nedgangen
i underskotet før lånetransaksjonar og dels nedgangen i netto utlån og
avdrag. Bakom den netto nedgangen i utlån og avdrag på 13.558 mill. kroner
ligg ei brutto auke i utlån og avdrag på 28.832 mill. kroner og ei brutto
auke i tilbakebetalingar til staten på 42.390 mill. kroner. Det meste av
endringane i lånetransaksjonane frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett
har samanheng med utlåna til statsbankane og omorganiseringa av Televerket.
Dei netto utlåna til statsbankane vart redusert med om lag 14 mrd. kroner
frå B.innst.S.nr.III til nysaldert budsjett.
St.prp. nr. 21 (1994-1995), Ny
saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 1994, har nærare detaljar
om endringane gjennom året.
16.2 Avviket mellom rekneskapen og nysaldert budsjett
Overføringane til og frå Statens
Petroleumsfond var like store i 1994, og påverka av den grunn ikkje
budsjettbalansen. Størrelsen på desse overføringane er nærare omtale i
avsnitt 2,5 nedanfor. I resten av dette kapitlet er overføringane til og
frå Statens Petroleumsfond halde utanfor taloppstillingane.
Rekneskapen for 1994 viser eit
finansieringsbehov på 32.584 mill. kroner. Dette er 2.179 mill. kroner
mindre enn ved nysalderinga av budsjettet. Nedanfor vert avviket brote ned
på dei ulike hovudkomponentane (i mill. kroner):
| 1a. | Reduserte
utgifter ekskl. petroleumsverksemd og | lånetransaksjonar
| - 228 |
| 1b. | Reduserte
utgifter til petroleumsverksemd | 316 |
| 1. | Reduserte
utgifter ekskl. lånetransaksjonar (1a+1b) | 88
|
| 2a. | Auka inntekter
ekskl. petroleumsverksemd, oljeskattar og | lånetransaksjonar
| 2.224 |
| 2b. | Auka inntekter
frå petroleumsverksemd og oljeskattar | - 767
|
| 2. | Auka inntekter
ekskl. lånetransaksjonar (2a+2b) | 1.457 |
| A. | Redusert
underskot før lånetransaksjonar (1+2) | 1.545
|
| 3. | Reduserte
utlån og avdrag | - 837 |
| 4. | Auka tilbakebetalingar
| 1.471 |
| B. | Reduserte
netto utlån (4-3) | 634 |
| C. | Redusert
2 finansieringsbehov i alt (A+B) | 179
|
I avsnitta nedanfor er desse avvika
kommentert nærare.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon