Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.33 (1995-1996)
Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Geir Thoresen, Stephen Bråthen og Ellen Chr Christiansen om at det oppnevnes et uavhengig revisjonsfirma for kontroll og gjennomgang av stortingsgruppenes og enkeltrepresentantenes bruk av tildelte midler.


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dagny Gärtner Hovig, Sigvald Oppebøen Hansen, Tom Thoresen og Rita Tveiten, frå Senterpartiet, Jorid Avdem og Edvard Grimstad, frå Høgre, Børre Rognlien og Petter Thomassen, frå Sosialistisk Venstreparti, Kjellbjørg Lunde, frå Kristeleg Folkeparti, Dag Jostein Fjærvoll, og frå Framstegspartiet, Arve Lønnum, viser til at Stortinget sine løyvingar til stortingsgruppene og uavhengige representantar i fyrste rekke er tenkt brukt til hjelp for representantane gjennom bruk av politiske rådgjevarar og skriveteneste. Det er heller ingen ting i vegen for at pengane også kan brukast til kjøp av eksterne tenester. Dagens regelverk tilseier at det i dag ikkje er nokon plikt til å gje tilbakemelding til Stortinget om bruken av dette tilskotet. Ein må ha tillit til at tilskotet blir brukt til beste for den einskilde partigruppe og uavhengige representant.

       Komiteen reknar med at dette tilskotet går inn i den einskilde gruppa sin rekneskap med påfylgjande eiga godkjenning og revisjon av bruken. Vidare er det vanleg å bruke ekstern, uavhengig revisjon i forkant av eigen godkjenning.

       Komiteen er likevel av den meining at det bør krevjast at gruppene og uavhengige representantar sjølv ser til at rekneskapen blir revidert av registrert/statsautorisert revisor for sjølv å sjå til at reglane for god rekneskapsskikk, gjeldande reglar om skattetrekk, arbeidsgjevaravgift o.l. blir fylgd. Årleg bør revisjonsmeldinga bli oversendt Stortingets presidentskap som stadfesting på at revisjonsplikta blir halden. Komiteen fremjer forslag i tråd med dette.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon